Unngå pipebrann – fyr rett

Mange tyr til auka fyring med ved grunna dei høge straumprisane me har no. Det er utruleg viktig å hugse på å bruka tørr ved, mindre vedkubbar og ha riktig trekk for å unngå eventuell pipebrann.

mann ser på peis - Klikk for stort bileteFeiar Andreas Salomonsen i Bømlo brann og redning konstaterer rett fyring då det brenn med rolege flammar. Simon Knutsson Sortland  - Rett fyring er det som oftast kan forhindra ein pipebrann som i verste fall kan utvikla seg til ein bustadbrann. Me har årleg fleire utrykkingar til pipebrannar, og har så langt denne vinteren sett ein aukande tendens i tal pipebrannar. Difor ynskjer me å gjere publikum merksam på kor viktig rett fyring er for å forhindra slike brannar, seier brannsjef Ove Halleraker i Bømlo brann og redning.

Feiarane Andreas Salomonsen og Bjørn Kjetil Ljosdal hjelper deg gjerne med tips og råd om rett fyring når dei er ute på sine rundar. 

Slik fyrer du rett

Pipebrann oppstår når tjæresot, kalt beksot, vert antent og byrjar å brenna. Beksot vert lett antent. Slik unngår du å få beksot i skorsteinen:

  • Ikkje fyr med fuktig ved
  • Ikkje bruk for mykje eller for lite trekk
  • Ikkje bruk for store vedkubbar
  • Ikkje legg inn for mykje ved om gangen
  • Bruk tennbrikettar og opptenningsved for å få fyr – ikkje bruk papir eller aviser
  • Aldri bruk brennbare væsker

Dette er rett trekk

- Kvar enkelt omn kan vere ulik med tanke på rett fyring. Les difor produsenten sin fyringsinstruks, påpeikar feiarane. Det er likevel viktig å ikkje stengje trekkventilen(ane) så mykje at flammane dør ut. Veden skal alltid brenna med synleg flamme. Bål utan flamme doblar utsleppa av kullos og partiklar, minnar dei om.

For mykje trekk i ein eldstad vil gjere at forbrenninga ikkje vert optimal, særleg på ein reintbrennande eldstad. Det som kjenneteiknar rett trekk er å regulera trekken slik at det brenn med rolege flammar.

Dette gjer du ved pipebrann

  • Steng straks alle ovnsventilar og luker som fører til skorsteinen. Unntaket er opne peiser, her skal spjeld ikkje stengjast dersom det er fyr i peisen.
  • Ring brannvernet på 1-1-0
  • Hold auga med loft og kjellar. Ver merksam på eventuell røykutvikling ved etasjeskilla og andre stader der treverk og anna brennbart materiale kjem inntil skorsteinen.
  • Hugs at du ikkje må setje deg sjølv eller andre i fare. Du må kome deg ut dersom det oppstår situasjonar som gjer at det blir farleg å opphalda seg inne.

Unngå pipebrann med desse gode råda

 

Til toppen