Unngå spenning langs vegen

Ungdomsrådet og Finnås kraftlag samarbeider om reflekskampanje 

Ungdomsrådet i Bømlo kommune og Finnås Kraftlag inviterer alle i Bømlo frå 8.klasse til 3 VGS til konkurranse der du kan vinne fine premiar til lag, organisasjonar og grupper ved å lage kreative bilete og videoar om og med refleks!

Ungdom i Bømlo kan vinne opptil 10 000 kroner ved å senda inn enten eit bilde eller ein video som er kreativ, har bra budskap og visar refleks. Frist for å sende inn bidrag er 10. desember. Høyr meir om konkurransen på Bømlo ungdomsråd sin instagram

Alle elevane på ungdomsskuler og vidaregåande skular får også utdelt kvar sin reflekssele.  - bruk den og unngå spenning langs vegen! 

Til toppen