Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Unntak frå karanteneplikt - arbeidsgjevar ansvarleg for testing

Nasjonale mynde har innført ei endring i Covid-19-forskrifta i høve karanteneplikta.

Koronavius (FHI) - Klikk for stort bilete

Endringa opnar for at personar som er busett i, og som kjem til Noreg frå Schengen- og EØS-område for å utføre arbeid eller oppdrag, og som ikkje er frå dei landa som er unnateke karanteneplikt, likevel kan sleppe karantene dersom dei testar negativt på viruset SARS-Cov-2.

 

Det er arbeids- eller oppdragsgjevaren i Noreg som er ansvarleg for organisering, gjennomføring og finansiering av testing. Dei som ønskjer testing i denne samanhengen skal kontakte den aktuelle verksemda, og ikkje den kommunale koronatelefonen. Alle bedrifter med bedriftshelseteneste kontaktar si bedriftshelseteneste for å få utført test.. 

 

Kommunal koronatelefon

Kommunal koronatelefon og luftvegsmottak vil framleis vere kontaktpunkt for dei som har spørsmål i samband med symptom på mogleg sjukdom og karantenereglar. Dersom du er sjuk og treng vurdering, skal du kontakte fastlegekontoret ditt.

 
 
Sist endra 25.06.2020 15:27
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering