Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Utanlandske turistar og smittevern

Bømlo kommune får ei rad spørsmål om turistar som er på rorbuferie på Bømlo, ikkje minst utanlandske no når dei fleste land i Europa er raude. Smittevernreglane er klare, og både turistane sjølve og utleigarar har ansvar for at reglane vert fulgt.

Skjermbilde frå Helsenorge om utanlandske turistar og Covid-19. (FHI) - Klikk for stort bilete

- Det er næringsaktørar som er avhengige av denne turisttrafikken. Det er truleg òg fleire private som plar å drive utleige og som kanskje i ulik grad har satt seg inn i regelverket, seier smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune.

 

Ti dagars karantene etter innreise

Det er krav om karantene i 10 dagar etter innreise frå raude land til Norge. Dette er regulert i Covid-19-forskrifta §5.
 
Personar som kjem til Noreg frå raude land kan reise til den staden der dei skal bu under opphaldet, og skal der halde seg til eigen husstand/kohort dei første 10 dagane. Dei skal ta naudsynte smittevernomsyn under transport, og unngå kontakt med andre. Dei kan ferdast utanfor huset så lenge dei held god avstand til andre, t.d. kan dei gå tur eller dra på sjøen og fiske i eigen båt. 
 
Dersom dei blir sjuke under opphaldet skal dei i karantene og testast. Dei kan då ikkje reise heim før isolasjonen er oppheva. Så lenge regelverket vert følgt, vil dei då ikkje representere ei smittefare, men kan i verste fall risikere at dei ikkje kan reise heim som planlagt. 
 
 

Utleigar har plikt og ansvar 

Utleigarar har plikt til å gi god informasjon og syte for at turistane held seg til regelverket, og at dei ikkje har behov for å oppsøke folk. Utleigar har og ansvar for naudsynt reingjering av lokale og utstyr før neste pulje med gjester blir tekne i mot. Kommuneoverlegen har vore i dialog med einskilde utleigarar, og kan kontaktast dersom det er fleire som vurderer utleige og har spørsmål. 
 
Covid-19-forskrifta §5:
«Personer med karanteneplikt som er bosatt i eller ankommer fra et område som er omfattet av karanteneplikt etter tabellen i vedlegg A, skal ved ankomst til Norge kunne legge frem en bestilling av eller skriftlig avtale om et sammenhengende opphold på en og samme registrerte adresse i Norge for de 10 første dagene i landet. Ved kortere opphold enn 10 dager gjelder dokumentasjonskravet for den perioden personen skal være i landet. Ved kortere gjenstående karantenetid enn 10 dager gjelder dokumentasjonskravet bare for den gjenstående karantenetiden. Dokumentasjonskravet gjelder ikke for personer som er bosatt i Norge. En person i karantene skal oppholde seg i eget hjem eller på annet egnet oppholdssted. Personen kan bare oppholde seg utenfor hjemmet eller oppholdsstedet hvis nærkontakt med andre enn de personene som vedkommende bor sammen med, unngås.»
 
 
Sist endra 07.09.2020 13:16
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering