Utval med stort ansvar

Etter ei omvising og presentasjon av tenestene til og nybygget for Psykisk helse og rus sette leiar Jørgen Søvold (H) det første møtet for Utval for levekår 2023-2027 tysdag 14. november. Han konstaterte at dette utvalet har ansvar for 70 prosent av driftsbudsjettet til kommunen.

ein mann og to kvinner høyer på kvinne prenester ved storskjerm - Klikk for stort biletePsykologspesialist Øivind Johnsen, avd.leiar Ann-Elisabeth Haldorsen og verksemdsleiar Synnøve Sørvik lyttar til presentasjonen til avd. leiar Bente Martens i møterommet til Psykisk helse og rus. Simon Knutsson Sortland

Kommunalsjef for helse, sosial og omsorg Kjell Magnar Mellesdal og kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Bjørn Håvard Bjørklund orienterte om organiseringa og drifta av sine seksjonar før sakshandsaminga tok til. Det var mange meldingssaker, ikkje minst kunnskapsgrunnlaget «Bømlo i dag – status og utfordringar 2023-2034». 

På sakskartet stod også utdeling av aktivitetsmidlar 2. halvår 2023 der eit samrøystes utval innvilga 18 lag og organisasjonar totalt 177.000 kroner til ulike tiltak. Rullering av handlingsprogram for idrett og fysisk aktivitet 2024 vart også samrøystes vedteke.

Til slutt vart utdeling av Eldsjelprisen 2023 vedteke i lukka møte. Som kjend vart Hjartespira Bømlo tildelt Bømlo kommune sin Eldsjelprisen 2023. Den er på 25.000 kroner og vert delt ut på nyttårskonserten til Bømlo janitsjar. Utval for levekår er også styringsgruppa for oppfølging av vedteken handlingsplan Helse, sosial og omsorg.

Møteinnkalling, saksliste og protokoll frå Utval for Levekår 14.11.2023

personar sit i møte rundt hesteskoforma bord - Klikk for stort bileteFørste møte i utval for levekår 2023-2027 vart halde i nybygget til psykisk helse og rus. Frå venstre vara Dag Lothe (SV), nestleiar Georg Lønning (FrP), Jan Atle Haugland (INP), Hein Råby Schaug (Ap), Vegard Enerstvedt (H), leiar Jørgen Søvold, politisk sekretær Vibeke R. Sortland, rådgjevar helse Jorunn J. Folgerø-Holm, Marita Ådnanes (KrF), Sigrid Ådnanes Tolås (KrF), Unni Seim (SV), kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Bjørn Håvard Bjørklund og kommunalsjef for helse, sosial og omsorg Kjell Magnar Mellesdal. Simon Knutsson Sortland
Til toppen