- Våg å gi og ta i mot

- Det handlar om korleis du handterer det som skjer rundt deg. Har du det tungt, våg å opne opp og ta i mot hjelp. Våg å opne opp og få andre med på laget ditt. Lær å elsk deg sjølv, oppmoda Henriette Vasstrand eit lydhøyrt ungt publikum i Bømlo kulturhus under Verdsdagen for psykisk helse onsdag 16. oktober.

Tre damer på scenen. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Mental helse Bømlo markerte i år verdsdagen for psykisk helse "Gi tid" med to sterke jenter som begge har sterke historiar å fortelje. På programmet stod nemleg Else Kåss Furuseth og Henriette Vasstrand. I tillegg til premieutdeling og kulturelle innslag.
 

Rus og psykisk liding

Som barn opplevde Henriette Vasstrand (27) rus og psykisk liding på nært hald. Faren tok sitt liv då ho var seks år. Tynget av skyldkjensle og sinne staka ho ut ein destruktiv retning for seg sjølv. Tenåra var kaotisk, ho rusa seg ofte, levde impulsivt. Som 21-åring prøvde ho å ta sitt eige liv. To veker seinare vart ho overkøyrt av ein dobbeltdekker i London. Det langvarige sykehusopphaldet som fulgte skulle bli vendepunktet. Fem år etter ulukka vart Henriette norgesmester i boksing. I dag tar ho opp fag for å få studiekompetanse, hennar draum er å bli politi.
 
- Dei fleste syns historia mi er sterk. Dei seier at det er mykje håp i den, og at den hjelper de å setje sitt eige liv i perspektiv. Men sjølv om alt ser lyst ut no er dette ein livslang prosess, det tunge bak meg er ikkje plutseleg heilt viska vekk, sa 27-åringen. 
 
Henriette blei kjend i 2018, gjennom dokumentarserien «Overleverne» på NRK. Programmet har samla nådd meir enn 700.000 sjåarar på TV og nett-TV. På verdsdagen for psykisk helse fortalde ho si historie i Bømlo kulturhus. Med seg på scena hadde ho ein person som har betydd enormt mykje for at ho er der ho er i dag, boksetrenaren Stein Rune Eriksen. Ungdomane sat lydhøyre under det vel halvtimes lange føredraget.
 
Fleire av ungdomane var nede og fekk helsa på og gi >henriette ein god klem etter føredraget som hausta ståande applaus. Konferansier Øyvind Marsteen, psykisk helsearbeidar i Bømlo kommune, understreka at alle er meir enn kva du ser og at me alle må gi litt meir tid til kvarandre og oss sjølv. Han delte ut premiar til tekstvinnarane i skrivekonkurransen "Gi tid". Alle vinnarbidraga kjem på prent i Bømlo-nytt. Blant vinnarane var Sara Belic frå Bømlo vidaregåande skule for eit dikt, og Vilde Lodden frå Hillestveit skule for sin tekst (hovudbilete).
 

Sjølvmord

På kvelden stod også Else Kåss Furuseth på scena der ho fortalde om mora og storebroren sitt sjølvmord. Kåss Furuseth er ein kjend komikar og tv-personlegdom i Norge, og har laga ein tv-serie om det tabubelagrte temaet sjølvmord.
 
 
 
To menn og ei dame på scenen. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete To damer klemmer kvarandre. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Fullsett sal i Kulturhuset. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete
Sist endra 17.10.2019 16:00
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering