Våge skule feira 50 år

Historisk dag på Våge skule der både fortid og framtid var i fokus. Både rektor og kommunalsjef drog dei historiske linene frå Sakseid skule til dagens Våge skule og nytt framtidig skulebygg. Dette gleda både elevar, tilsette og tidlegare rektorar og tilsette.

Rektor Olaug Norenes Hovda ynskte velkomen i gymsalen hos 50-årsjubilanten. – Eg hugsar med gru besøka av «fluordama» og «pirkèdama», fortalde rektor dei lydhøyre elevane. Ville de gått på skule om laurdagane slik eg måtte? Neiii!!, kom det kontant.

Våge skulemusikklag under leiing av Tone Christin Lium spela fengande musikk og presenterte også aspirantane sine. Ei elevgruppe parodierte rektor og dei andre lærarane til stor glede for både dei parodierte og elevane i salen. Bjørn Håvard Bjørklund, kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett helsa jubilanten på vegne av skuleeigar Bømlo kommune.

- Først var det Sakseid skule frå ca. 1850 der nokre elevar måtte ro til skulen. Våge skule kom i 1971, same året som me fekk fargefjernsyn i Norge. Mange foreldre var skeptisk fordi det ville føre til for mykje skjermtid blant ungane. Nokon som kjenner seg igjen, undra han og alle rekte hendene i været.

Nytt skulebygg planlagt

- Gåva til 50-årsdagen vert ei oppleving rektor vil fortelje dykk om seinare. Kommunen veit at skulen er slitt, og at både de og dei tilsette treng betre arbeidstilhøve. Våge skule vil få nytt skulebygg til ca. 30 millionar kroner, kunne Bjørklund fortelje elevane. I tillegg er det planar om ein fleirbrukshall her, men det er ikkje endeleg bestemt enno.

Etterpå fekk han og kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter ei omvising leia av dagens konferansierar Milena Helvik (7. klasse) og Camilla Johansen (6. klasse). Til slutt vanka det jubileumskake, saft, kaker og kaffi på alle saman. Æresgjestene storkosa seg og mimra frå si tid på skulen. Det var dei tre tidlegare rektorane Paul Engseth, Kåre Bogetveit og Inger Johanne Sele, samt lærarane Berith Thormodsæter, Kirsti Folgerøholm og Alfhild Hestenes.

Til toppen