Vaksinering framover

Frå veke 17 blir resten av dei som er 65 år eller eldre første halvdel av 2021 kalla inn til vaksinasjon, samt dei med sjukdomar som gir auka risiko i aldersgruppa 18-64 år som er meldt inn frå fastlegane.

Dei eldste blir vaksinert først. Me held no på med prioriterings- gruppe 5 som er personar i risikogrupper innmeldt frå fast- legane født 1957-1966.

Me reknar med å starte på prioriteringsgruppe 6 i veke 19. Dette er personar med underliggande sjukdommar født 1967-1976. Tildelte dosar til dose ein: 312 dosar i veke 17, 156 dosar i veke 18 og 252 dosar i veke 19. I tillegg blir det gitt dose to til dei som allereie er tildelt time til det. Det er viktig at alle møter til avtalt tidspunkt.

PS: Dei som har fått ein dose med AstraZeneca-vaksinen vil få særskilt innkalling til dose to med BioNTech/Pfizer-vaksinen i løpet av mai/juni.

Eit varsla auke i doseintervall frå 6 til 12 veker er ikkje gjeldande før prioriterings- gruppe 8 (alder 64år og yngre, utan definerte underliggande sjukdommar)

Til toppen