Valresultatet for Bømlo

Høgre er årets valvinnar i Bømlo. Valoppslutnaden har auka med ca. 5% sidan forrige kommunestyreval. Kven som vert ordførar og varaordførar vil forhandlingane syna.

Hoda frå Syria får røyste for første gong. Her ved valurna på Svortland skule. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Valvinnarane er Høgre som får to ekstra mandat, og Frp og Senterpartiet som får eitt ekstra mandat kvar til kommunestyret. Ap mistar tre mandat, og Venstre eitt. Resten er uendra. Nykomarane Raudt og Liberalistane kjem ikkje inn.

Valprotokoll for valstyret i Bømlo kommune, Vestland fylke - Kommunestyrevalget 2019 (PDF, 252 kB)

 

Det nye kommunestyret ser ut som i tabellen under (endring frå kommunestyrevalet 2015 i kolonna til høgre):

 

Kommunestyrerepresentasjon 2019-2023
Høgre 7 +2
Arbeidarpartiet 5 -3
Kristeleg folkeparti 5 0
Senterpartiet 3 +1
Framstegspartiet 3 +1
Venstre 1 -1
Partiet de kristne 1 0
Sosialistisk Venstreparti 1 0
Miljøpartiet dei grøne 1 0
Raudt  0 0
Liberalistane 0 0

 

Dei 27 nye kommunestyrerepresentantane er:
 

Høgre (H): Ragnfrid Sønstabø, Inge Reidar Kallevåg, Signe Lund Jansen, Aslaug Skimmeland Huse, Jørgen Søvold, Sonja Hellen Sele og Åsmund Håvik.
 

Arbeiderpartiet (Ap): Torunn Laurhammer, Endre Barane, Jalle Bråthen, Siv Linda Vespestad og Sverre Hagerup Sørensen.


Kristeleg Folkeparti (KrF): Morten Helland, Birgit Sønstabø Esperø, Sigrid Ådnanes Tolås, Karsten Sigve Fylkesnes og Anfinn Glittenberg Tolås.


Senterpartiet (Sp): Sammy Olsen, Bjørn Asle Teige og Ove Halleraker.


Framstegspartiet (Frp): Anne Torhild Johannessen, Trygve Søvold og Frode Urangsæter.


Venstre (V): Anne Beth Njærheim.


Partiet de Kristne (PDK): Lars Kåre Katla.


Sosialistisk Venstreparti (SV): Unni Seim.


Miljøpartiet dei grøne (MDG): Kåre Johan Thoresen Spissøy.

 

Valgoppgjør for Bømlo (PDF, 15 kB) - oversikt representantar

 

Meir om valresultatet på valgresultat.no

 

Stolte førstegongsveljarar

Ikkje alle tek demokrati og røysteretten som ein sjølvfølge. I vallokalet på Svortland skule var fire kvinnelege deltakarar frå Bømlo Vaksenopplæring spente, glade og stolte for å kunne røyste i eit demokratisk val for aller første gong i sine liv. Grunna Vallova som krev 3 års permanent opphaldsløyve i Norge før ein kan røyste ved  kommune- og fylkestingsval fekk dei ikkje røysta i 2015.

 

- Eg er stolt og glad for å få lov til å vere med og bestemme. Dette er første gong eg får røyste ved eit val, og det synest eg er viktig, sier Hoda frå Syria. 35-åringen som har budd i Bømlo i fire år røysta ved Svortland skule til både kommunestyre og fylkestinget. For ho var arbeidsplassar og helse dei viktigaste sakene.

 

- I Eritrea har me ikkje demokrati, så for meg å få delta i eit demokratisk val er viktig og stort, fortel Mhret frå Eritrea. 28-åringen har ein mann som pendlar til stord på jobb, så saka om bomring var med å påverka hennar val. Ho har bodd på Bømlo i seks år.

 

- For meg er miljø, vidareutdanning og jobb viktige saker. Eg har studert alle partiprogramma, og sidan eg ikkje kjenner personane er sakene viktigast for meg, seier Leeza (27) frå Afghanistan. Me har ikkje demokrati i heimlandet mitt, så å røyste der betyr ingenting. Ho har bodd fem år på Bømlo, og er klar på at dei skal bu, jobbe og bidra i Norge i framtida, så ho skjønar ikkje kvifor dei ikkje får røyste ved Stortingsval når dei får røyste i kommune- og fylkestingsval.

 

- Skule og oppvekst synes eg er viktig, så eg røysta på partiet eg synes har den beste politikken i Bømlo, fortel Fatma (30) frå Somalia. Ho har bodd her i seks år.

 
Alle fire trivst godt på Bømlo, og har fulgt med på årets valkamp. Dei vedgår at dei er blitt ein del påverka av rikspolitikarane i val av parti. Men det viktigaste og største for dei er å få delta i demokratiet - og dei føler at deira røyst tel.
 

Fire damer ved valavlukke Svortland skule. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete
Sist endra 19.09.2019 10:21
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering