Vår nye samfunnsplanleggjar

1. august starta Alf Helge Greaker i sin nye jobb som samfunnsplanleggjar i Bømlo kommune. Sosial-antropologen med spesialisering innan urbanisering og samfunnsutvikling gler seg til å bli betre kjend med kommunen og innbyggjarane.

Alf Helge Greaker - samfunnsplanleggjar. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

- Det var jobben som lokka oss til Bømlo, men sidan min kone er frå Moster er eg jo kjend med kommunen frå før, seier Alf Helge Greaker. Vår nye samfunnsplanleggjar og familien på fire er no på husjakt. Dei leitar etter eit godt "bumiljø" for seg og sine to søner på fem og to år.

 

Greaker er født i Guatemala, men oppvaksen i Lyngdal. Med mor frå Nord-Trøndelag og far frå Sørlandet er dialekten litt hybrid som han kallar den. Studietida gjorde han unna i Bergen på universitetet og høgskulane. Forutan master i sosialantropologi har han utdanna seg innan samfunnsøkonomi, leiing og teologi. Eit år med historie og geografistudier som utvekslingsstudent i Spania har han også fått med seg.

 

- Eg har ein allsidig yrkesbakgrunn der eg har vore yrkessjåfør i Tide buss i mange år, ungdomsarbeidar og SFO i Bergen kommune, fortel Greaker. På fritida går det mest i organisasjonsliv og politikk. Han sat i Hordaland fylkesting i sist periode for Venstre. Elles er det mosjonsløp, musikk og kultur som opptek vår nye kollega.

 

- Mykje reising og backpacking dreiv kona og eg med mykje før me fekk born, så me har fått sett mykje av verda. Å kome til Bømlo å bu og jobbe vert spennande og litt som å byrje på nytt for meg.

 

Greaker skal jobba med overordna planlegging, koordinering, utgreiing og utvikling i Bømlo kommune. Han er oppteken av korleis ein kan skape lokal identitet og tilhøyring, noko han meiner er det same om det gjeld by eller bygd. Samfunnsplanleggjaren vil bruka den første tida på å bli kjend med organisasjonen og planverket.

 

- Eg har mange idear og ser mange moglegheiter for utviklinga av Bømlo, og eg gler meg til å samarbeida med mine nye kollegaer og befolkninga, seier Alf Helge Greaker.

 

 

 

Sist endra 03.08.2017 10:48
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering