Varslar heftige vindkast

Yr.no har sendt ut farevarsel på oransje nivå for Bømlo fredag 17. februar. Dette betyr at vindkasta kan kome opp i mellom 35-40 m/s.

Her kan du få nyttig informasjon frå Statens vegvesen, politiet og Fjord1:

Fjord1 Trafikkmeldingar   Veg- og trafikkinformasjon Politiet Sør-Vest

Ny vegtrafikk app og sms-varslingsteneste

I dag vart Statens vegvesen sine varslingstenester for sms-abonnement på Bømlabrua og Stordabrua aktivert. For påmelding send sms med BOMLABRUA og STORDABRUA til 2282, eller du kan gjere det via Stix. 

Her kan du lasta ned Statens vegvesen sin vegtrafikkapp

I Vegvesen Trafikk-appen kan du no få varsel om område du har lagra i dine favorittar. Teikn eit område i kartet, lagre og skru på varsel. Du kan også planlegje og sjå reiseruter med notering av høgdeavgrensingar i kart. I kartet kan du sjå trafikkmeldingar, opplysningar om kva du finn på dei enkelte pauseplassane, og informasjon fra webkamera.

Sjekk korleis du kan vere førebudd og bli oppdatert

Full storm

Vinden aukar i styrke frå morgonen og utover dagen. Frå rundt klokka 16.00 er det meldt full storm frå nord-vest, og på det sterkaste er det varsla heile 40 m/s i kasta.

– Det er venta lokalt svært kraftige vindkast på 35-40 m/s frå nordvest. Vinden aukar først i sør. Gjeld for Sunnhordland og deler av Rogaland, melder vertenesta yr.no

Kan bli stengte bruer

Blant konsekvensane som varsom no. listar opp er:

  • Fare for skade på bygningar og infrastruktur.
  • Det er venta kansellerte avgangar for ferje, fly eller annan transport.
  • Bruer kan bli stengt.
  • Mange reiser vil kunne få lenger reisetid.
  • Straumforsyninga vil bli påverka, til dømes som følgje av tre som knekk eller kjem i kontakt med straumnettet.
  • Vegar kan bli stengt grunna trær eller andre objekter i vegbana.
  • Høge bølgjer kan gi skade på infrastruktur og bygningar i strandsona.
  • Den sterke vinden kan gi lokalt høge bølgjer i fjordstrøk og innsjøar.

Få full oversikt med tips og råd frå varsom.no

Til toppen