Vegsikring i Stongarvågen

Fv 5006 Rolvsnesvegen ved Søre Stongarvågen nord for Rubbestadneset vil i perioden frå 20. februar til 30. mars bli stengt i periodar på inntil ein time grunna sikringsarbeid i fjellskråning.

flyfoto frå google maps med markert firkant viser søndre stongarvåg irubbestadneset - Klikk for stort bileteSikringsarbeid i Søndre Stongarvågen vert utført i februar-mars. Google maps

Arbeidet vil vere å sjekka boltar og få på plass nye samt sikringsnett i eit delvis overhengande berg. Stenginga blir i perioden måndag til onsdag frå klokka 07.00 – 19.00 og torsdag frå klokka 07.00 til 15.00. Utrykkingskøyretøy og bussar i rute kan passera.

Til toppen