Velkomen til nytt skuleår!

Velkomen attende til nytt skuleår og spesielt velkomen til dykk som har eit første møte med Bømloskulen eller som startar på ein ny skule – me gler oss til å bli betre kjende, seier kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund.

Koronapandemien vil også i år prege oppstarten etter ferien, men både vaksineringsgrad i befolkninga og endringar i regelverk gjer at belastninga for born og unge skal reduserast. Det er bra og me vil gjere alt me kan for at skulekvardagen skal bli både god og trygg. I Bømloskulen vil me at alle elevar skal oppleve å høyre til og at det er bruk for dei.

- Eg er også glad for at kommunen før skulestart tilbyr vaksinedose nr. 2 for tilsette i barnehage og skule. Ein fullvaksinert stab gjev auka tryggleik for alle, seier Bjørklund.

Unntak frå karanteneplikt

Pandemien er sjølvsagt ikkje over og vanlege reglar gjeld: Det er framleis viktig med god hygiene/reinhald, å halde avstand der det er mogleg og at ingen møter på skule/SFO om dei er sjuke.

Frå 16. august vert covid-19 forskrifta endra slik at testing kan erstatte karantene for personar under 18 år. Det vil seie at om ein person får påvist korona, kan elevar som er nærkontaktar testa seg i staden for å gå i karantene. Personar som bur saman med den smitta eller andre tilsvarande kontaktar må framleis gå i karantene. Andre personar i barnehage- eller skulemiljøet vil bli testa i tråd med vanlege retningslinjer. Det er koronasentralen i lag med kommuneoverlege som har ansvar for denne testinga og korleis den skal gjennomførast. Målet er at born og unge får vere mest mogleg på skulen - meir informasjon om dette kjem snart.

Trafikklysmodellen

Trafikklysmodellen med grønt, gult og raudt nivå skildrar kva smitteverntiltak barnehagar og skular skal følgje og denne gjeld framleis. Me har gode beredskapsplanar for å kunne skifte nivå raskt om situasjonen krev det.  

Med bakgrunn i det siste smitteutbrotet 10. og 11. august har smittevernlegen og kommuneleiinga bestemt at Bremnes ungdomsskule må vere på gult nivå i veke 33, mens dei andre skulane og barnehagane kan starte på grønt. De vil få nærmare informasjon frå rektor om kva som gjeld på akkurat din skule.  

Følg gjerne med på kommunen sine nettsider for ytterlegare informasjon. Her finn de også oversikt over oppmøtetidspunkt ved den einskilde skule

 

Lykke til med skuleåret!

Venleg helsing

Bjørn Håvard Bjørklund        
Kommunalsjef

Til toppen