Koronavirus - informasjon

Siste nytt om koronasituasjonen

Vaksinetelefon
53 42 30 02

Ope kvardagar kl. 13.00-15.00
Vaksinering skjer onsdag og torsdag.

Vaksineregistrering

Les meir om opningstider i sommar

Koronatelefon
53 42 30 01

Ope måndag-onsdag-fredag

Tlf.tid: 08.30-11.30. Testing frå kl. 12.00

Information in other languages

 

Velkommen til trygt besøk på institusjonane våre

Fullvaksinerte kan no besøkje bebuarar ved institusjonen utan særskilte avstandsreglar dersom den dei besøkjer og er fullvaksinert.

Bømlo kommune gjer alt me kan for å hindra smittespreiing, ikkje minst på institusjonane våre. Bebuarane treng besøk av sine pårørande og de ynskjer me sjølvsagt dei skal få. Dette inneber at du som vitjar våre institusjonar må følgja alle smittevernreglane som gjeld.

Desse reglane gjeld

Fullvaksinerte kan no besøkje bebuarar ved institusjonen utan særskilte avstandsreglar dersom den dei besøkjer og er fullvaksinert.

Besøkstider: 11.00 – 13.00 og 16.00 – 18.30.

  • Avstandsregel 1 meter er framleis gjeldande til personale og andre enn dei næraste du besøkjer
  • Me ynskjer  framleis at ein unngår besøk i fellesareal
  • Besøkjande må registrere seg med namn/tlf.nr. ved den avdelinga dei besøkjer for ev. smittesporing .
  • Besøkjande må utvise god håndhygiene, sprit/håndvask før /etter besøket.
  • Har du  vore i utlandet, i område med høg smittespreiing eller i karantene siste 10 dagar, må Covid-19 test gjennomførast og negativt resultat føreliggje før besøk.
  • Ved symptom på luftvegsinfeksjon  (sår hals, hoste, feber) eller har du vore i nærkontakt til smitta, ber me deg om å utsetje besøket.

Me oppmodar og til å nytte uteområdet til besøk, dersom veret tillet det

Ved auka smittespreiing kan det bli naudsynt å strama inn besøksreglane.

Besøksreglar ved institusjonane i Bømlo kommune gjeldande pr. 14.05.21
(jfr. smittevernlova, FHI og Helsedirektoratet sine tilrådingar)

Lita jentehand rører ved eldre manns hand. - Klikk for stort bileteBarnehand tek bestefarhand. Privat   

Til toppen