Vellukka PLIVO-øving

Pågåande livstrugande vald (PLIVO)-hending med kniv og skytevåpen var scenarioet naudetatane hadde samøving på ved gamle Bremnes ungdomsskule tysdag 29. oktober.

Politiframrykking med våpen under PLIVO-øving. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Eit femtitals personell frå naudetatane politi, helse og brann frå Bømlo, Stord, Fitjar og Haugesund hadde saman med kring 30 markørar/observatørar ei realistisk samøving denne tysdagskvelden. Bømlo Røde Kors stilte med personale til sminking, markør- og observatørroller. Kommunalsjefar, verksemdsleiarar og andre tilsette frå Bømlo kommune deltok også under øvinga. 

 

Situasjonane dei øvde på var ein person med kniv og ein med skytevåpen som hadde teke seg inn på ein skule og scenarioa utvikla seg ulikt med tanke på skadde, gisselsituasjon med meire. Her var brukt mange ulike effektar for å skapa så realistiske situasjonar som mogleg.

 

Naudetatane skal ha jamnlege samvirkeøvingar, og det er allereie gjennomført fleire slike i regionen vår.

 

Naboar hadde fått melding på førehand, og varselskilt om øving pågår var sett ut for trafikantane.Deltakarane var godt nøgd med gamle BUS som øvingslokale. Den lokale øvingsleiinga fekk skryt for jobben dei hadde gjort. 

Brannfolk held avstand til knivmann med gissel. Øvingsfoto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Folk spring ut av bygning under PLIVO-øving. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Brannmannskap tek seg av skadd under PLIVO-øving. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Naudetatane sine utrykningskøyrety parkert utanfor gamle Bremnes ungdomsskule under øving.  (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete
Sist endra 30.10.2019 12:12
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 75
Mobil:
414 41 827
Tittel:
rådgjevar beredskap / kvalitetsarbeid
Bunnhjørne
 
Login for redigering