Ver førebudd – hald deg orientertFredag 30. desember vart Bømlabrua stengt i over ni timar etter ein trailertilhengar velta over ein møtande personbil grunna sterke vindkast. Publikum forventar god informasjon uavhengig av kven som har ansvaret, og Bømlo kommune jobbar med å bli betre på dette feltet. Under finn du nyttige lenkjer det kan vere lurt å ha lett tilgjengeleg. - Publikum ser ofte til kommunen for informasjon sjølv om den fell utanfor kommunen sitt ansvarsområde, som til dømes Bømlabrua og fergesambandet Langevåg-Buavåg denne fredagen. Det er forståeleg. Vårt mål er å hjelpa til med å gjere naudsynt informasjon lettare tilgjengeleg for publikum. Dette gjeld bruk av våre eigne kanalar på heimesidene og i sosiale media samt å lenkje til aktuelle ansvarlege aktørar. Denne fredagen var det i hovudsak Statens vegvesen, politiet og Vestland fylkeskommune, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter. Kommunen fulgte sine beredskapsplanar og la ut informasjon fortløpande om mellom anna oppretting av lokal legevakt og å sikra ein ambulanse til øya via sambandet Langevåg-Buavåg snarast råd. Helseberedskapen kom på plass relativt raskt og fergja vart sett i beredskap – alt etter planverket. Kommunen si oppmoding til fylkeskommunen om å setje inn ekstrafergje i sambandet var ikkje mogleg å få til. Hendinga fredag 30. desember 2022 er ikkje den første som har stengt ei eller begge bruene i Trekantsambandet grunna sterk vind eller ulukker. Stenging av Bømlafjordtunnellen er heller ikkje ukjend. Både kommunar, fylke, vegvesen og redningsetatar har hatt fleire møter om risikoen for stengte inn- og utfartsårer mot kommunen. Kommunedirektøren har denne saka høgt oppe på si prioriteringsliste. Nyttig informasjon og naudnummer Du kan førebu deg ved å halda deg orientert og vite kvar du finn informasjon. Det er fleire appar og sms-tenester du kan abonnere på for å få direktevarslingar. Statens Vegvesen: Veg- og trafikkinformasjon - ring 175 Veg- og trafikkinformasjon SMS-varsling for bruer, tunneler, fjellovergangar og vêrutsatte vegar Vegtrafikksentralen vest på Twitter Sør-Vest politidistrikt: Heimesider Sør-Vest politidistrikt Sør-Vest politidistrikt på Twitter Sør-Vest politidistrikt på Facebook Fjord1: Fjord1 Trafikkmeldingar Generell ruteinformasjon Fjord1 - ring 177 Vestland fylkeskommune: Ansvar for alle fylkesvegane, fylkesinterne bussruter, båtruter, ferjene og bruene på fylkesvegnettet. Fylkesvegar i Vestland Kollektivtransport i Vestland fylke Bømlo kommune: Om vegar, kaiar og bruer i Bømlo kommune Om beredskap i Bømlo kommune Om din eigenberedskap Naudtelefonar: Brann: 110 Politi: 112 Politi der du bur (ikkje naud): 02800 Medisinsk naudtelefon - 113 Naud-SMS for døve, høyrsle- og talehemma - registrering Legevakt: 116117 Bømlo brann og redning vakttelefon: 958 48 007 Publikumstelefonar ved krise: Telefonnummer vert oppgitt ved kvart einskild høve. Evt. pårørandetelefonar ved krise: Telefonnummer vert oppgitt ved kvart einskild høve. Vervarsling: Yr.no Yr farevarsler Varsom.no Varsom.no på Twitter Storm.no Meteorologisk institutt - farevarsling Meteorologene på Twitter Sist endra 06.01.2023 11:23