Verdig minnemarkering av 22. juli

Ordførar Sammy Olsen leia ei flott og verdig markering av 10-årsdagen for terrorårtaket 22. juli i Oslo og på Utøya der 77 menneske mista livet. Vakker musikk og sterke appellar var det eit nær hundre frammøtte, mange med roser, fekk oppleva på torget ved Sams senter.

Markeringa opna ved at tidlegare elev ved Bømlo kulturskule Anna Birgitte Solberg Høyland framførde sangen "Gje meg handa di ven" på kornett, akkompagnert av Hans Gunnar Skreslett på piano.

Ordførar Sammy Olsen ynskte velkomen og heldt sin appell. Han understreka at me i dag ikkje har lov å gløyma, og kor viktig det er å forsvara og halde høgt våre grunnleggjande verdiar om menneskeverd, likeverd, fridom og tryggleik.

Leia av songar Ingebjørg Andrea Ådnanes, tidlegare deltakar på "The Voice" i TV2, var det fellessong av Nordahl Grieg sitt "Til Ungdommen". 

- Me trur på livet

Prest Leif Magne Helgesen hadde sitt virke på Svalbard i 2011. Det var fem ungdomar frå Svalbard på AUF-leiren på Utøya. Ein som nett var konfirmert. 14 år gamle Johannes Buø, var blant dei drepte. Han siterte mor til Johannes etter ein samtale dei hadde nokre dagar etter denne tragedien. Laila Buø sa det slik: Me skal vidare. Me skal vinne over vondskapen.

Helgesen minna oss på at det er viktig å ta aktivt avstand frå vonde krefter i ideologiar og handlingar som riv ned. Desse finst i heile verda, også fredelege Norge.

— Me trur på verdiar som byggjer opp. Me trur på livet. Me trur ikkje på destruktive krefter. Me trur på mangfaldet og det fargerike fellesskapet. Difor er me samla her i dag. Kvart enkelt menneske er av uendeleg stor verdi. Det trur me på. Det kallast verdigheit og det kallast kjærleik, understreka Helgesen.

Ingebjørg Andrea Ådnanes avslutta deretter vakkert med «My Hallelujah» før ordføraren takka dei medverkande og dei frammøtte for ei fin markering.

Markeringa vart sendt direkte på Bømlo kommune si Facebook-side

Sjå filmen frå minnemarkeringa 22. juli 2021 på Svortland

Ordførar Sammy Olsen sin appell 22. juli 2021 (PDF, 71 kB)

Ambulerande sjømannsprest Leif Helge Helgesen sin appell (PDF, 139 kB)

Til toppen