Verdsdagen for psykisk helse

Mental Helse Bømlo er stolte over å presentere årets markering for Verdsdagen for psykisk helse 16. oktober i Bømlo kulturhus.

Plakat for Verdsdagen psykisk helse 2019. (Mental Helse Bømlo) - Klikk for stort bilete

Det er 16. gang at Mental Helse Bømlo markerar Verdsdagen, i år med to føredragshaldarar.

 

Boksemeister og tv-kjendis

På dagtid markerast dagen for alle ungdomsskuleelevar og vidaregåande skular i Bømlo kommune. Henriette Vasstrand, kjent frå seien «Overleverne» og NM-mester i boksing, vil halde eit 60 minuttar langt føredrag om sin trøblete oppvekst, om vendepunktet, om moglegheita som finst til eit bra liv for alle. Med seg på scena har ho boksetrenaren sin Stein Rune Eriksen.
 
På kvelden er det eit mindre føredrag med Henriette Vasstrand, og deretter Else Kåss Furuseth. Ho er kjent for mange med sine førestillingar «Kondolerer» og «Gratulerer». Ho er nærmast ein Verdsdag-ambassadør. Dei føredraga er ope for alle, billettar er lagt ut for sal.
 
 
 
 
Sist endra 16.05.2019 10:51
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 58
Mobil:
481 72 775
Tittel:
folkehelsekoordinator
Bunnhjørne
 
Login for redigering