Vinterberedskap 2018-2019

Bømlo kommune har vinterberedskap i perioden 5. november 2018 – 31. mars.2019. Det er 6 tilsette som til ei kvar tid rullerer vaktberedskap og kor fleire kan bli kalla inn ved behov. 

Snøbrøyting veg - Klikk for stort bilete

Snø/nedbør eller glatte veger kjem ofte overraskande, og det medfører at mange vender seg til kommunen.
 

Teknisk drift i Bømlo kommune har følgjande rutinar og prioriteringar ved brøyting og strøing:


1. Kommunale hovudvegar, skulevegar, institusjonsvegar

 

2. Busslommer, sykkel- og gangstiar

 

3. Hovudvegar til og i kommunale bustadfelt


VINTERVEDLIKEHALD FELLES PRIVATE VEGAR


Bømlo kommune har gjennomført ei registrering av kommunale og private vegar. I kommunen er det mange privat utbygde bustadfelt der eigar ikkje har søkt kommunen om overtaking av veier til kommunalt vedlikehald. Dette vil sei at det pr dags dato er vegeigar som har ansvaret for vintervedlikehaldet på desse vegane. «Utviding av brøyterodene til også å gjelda private fellesveger, er ikkje tilrådeleg med dei ressursane som teknisk drift disponerer pr. dags dato».


Førespurnad kvardagar frå kl. 07:00 – 15:00 Telefon: 53 42 31 43.


Førespurnad etter kl. 15.00 og i helgane: Vakttelefon: 913 30 814


Førespurnad vedkommande riks- og fylkesveier skal rettast til Statens vegvesen på telefon 175.

 

Viktige kontaktpersonar og telefonnummer i samband med vinterberedskap finn du her. (PDF, 411 kB)
 


Brøyting av snø inn på privat eigedom


Ved store snøfall vert eit stort apparat sett i sving for å halda vegnettet ope. Sjølv om einprøver å få utført arbeidet på ein slik måte at det ikkje medfører urimelege konsekvensar for tilstøytande grunneigarar vil arbeidet nokre gongar medføra at snø vert brøyta eller fresa inn på privat grunn.


Det at snø kjem inn på eigedom som følgje av brøyting/fresing av offentleg veg/trafikkareal er som ein klar hovudregel innafor tålegrensa etter nabolovas føresegner, med mindre brøytinga/fresinga føregår på ein uforsvarleg og etter omstende lite omsynsfull måte.


I periodar med uvanleg stort snøfall vil tålegrensa for påførte ulemper etter nabolova kunne utvidast – dvs. jo meir snø som fell og må flyttast/fjernast frå vegområdet av omsyn til vegtrafikken, trafikktryggleik og framkome, desto større ulempe må naboar til veg måtta tåla som følgje av brøyting/fresing. Det tilhøvet at snø som kjem inn i hagar og innkøyrsler kan innehalda strøsand eller salt, må også reknast å liggja innafor tålegrensa etter nabolova. 

Sist endra 12.02.2019 14:18
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 43
Mobil:
953 64 698
Tittel:
leiar
Bunnhjørne
 
Login for redigering