Volleyballspelar fekk kulturstipend

Oda Løvø Steinsvåg er tildelt Bømlo kommune sitt kulturstipend for 2022. Stipendet er på 25.000 kroner.

Oda Løvø Steinsvåg er ein av Norges beste volleyballspelarar innandørs, og har over 30 landskampar på junior og seniornivå. Ho har også fleire medaljar frå NM og har vunne eliteserien i Norge samt blitt kåra til beste midtspelar i serien. Ho satsar no fullt på sandvolleyball. Ambisjonane vidare er å etablere seg i verdstoppen i sandvolleyball, og å vera med å kjempa om medalje i OL og VM.

Etter å ha spelt fotball gjennom heile barndommen, starta Oda med volleyball då ho var 14 år. Ho flytta etter kvart til Suldal for å gå på vidaregåande skule på ToppVolley, der ho kunne kombinera skulegang med toppidrettssatsing. Etter tre år på vidaregåande, fekk ho profftilbod frå den tyske bundesligaklubben NawaRo Straubing.

I 2021 fekk Steinsvåg eit nytt og spennande tilbod frå satsingsprosjektet, Morgendagens Olympiere, som er ein trenings- og konkurransearena for dei beste rekruttane i landet. Dette er eit samarbeid med Olympiatoppen, Norges Volleyballforbund og ToppVolley Norge. Steinsvåg valde her å ta karrieren over i ny retning, og satsar no fullt på sandvolleyball.

Bømlo kommune sitt kulturstipend blir gitt til den eller dei som viser særlege evner innanfor musikk, idrett eller kunst, eller som legg ned eit stort arbeid innanfor kulturlivet elles. Stipendet er meint som ei spore til vidare innsats for å kunne halda fram med å utvikla seg innanfor sitt område og som ei oppmuntring på vegen. Det er Utval for Næring, innovasjon, idrett og kultur som tildeler stipendet og i møte 15. november vedtok dei å gje årets kulturstipend til Oda Løvø Steinsvåg.

Retningslinjer for kulturstipend i Bømlo kommune
 

Til toppen