XL-Bygg er miljøfyrtårn

XL-Bygg Kr. Steinsbø AS er no eit sertifisert miljøfyrtårn. – Gratulera. Dette vil gjere dykk endå meir konkurransedyktige, sa ordførar Sammy Olsen då han fredag overrekte det synlege provet til dagleg leiar Geir Steinsbø.

mann og kvinne mottar diplom frå ordførar - Klikk for stort bileteDagleg leiar Geir Steinsbø og butikksjef Linn Kristin Steinsbø får overrekt Miljøfyrtårnsertifiseringa til XL-bygg Kr. Steinsbø AS av ordførar Sammy Olsen. Simon Knutsson Sortland

Kundar og andre tilsette hadde allereie fått med seg at noko var på gang då kake og kaffi vart servert til alle som kom innom butikken i Hollundsdalen. Dagleg leiar Geir Steinsbø og butikksjef Linn Kristin Steinsbø tok imot det synlege provet frå Miljøfyrtårnstiftinga frå ordførar Sammy Olsen.

Konkurransefortrinn

Ordføraren påpeika at Miljøfyrtårn er Norges mest brukte miljøsertifikat. Det er eit anerkjent og effektivt verktøy for miljøleiing, som hjelper verksemder med  å skapa konkurransefortrinn av berekraft. Det betyr at verksemda gjennomfører  effektive og lønsame miljøforbetringar, og samtidig bidrar til å oppnå fleire av FN sine berekraftsmål.

- Dei verksemdene som har og gjer miljøtiltak vert meir konkurransedyktige i dagens samfunn, noko eg reknar med vil gjelde for XL-Bygg Kr. Steinsbø også, sa Olsen.

Han seier at Bømlo kommune er glad for at verksemder i kommunen vel å sertifisere seg som Miljøfyrtårn. Kommunen sjølv jobbar med å få miljøsertifisert alle sine avdelingar, 
og er komen eit godt stykke på veg. Dette, samt å påverka kommunen sine bedrifter, lag og organisasjonar til å handla i tråd med FN sine berekraftsmål er ein viktig del av kommunen sin klimaplan.

- Litt anna fokus

- Me får eit litt anna fokus, og ser at me må stadig forbetra oss skal me bli resertifiserte som miljøfyrtårn, konstaterer dagleg leiar Geir Steinsbø.

- Eit av tiltaka våre var å få solcellepanel på taket her. Me jobbar no vidare med å få miljøsertifisert Steinsbø Hus As også, opplyser butikksjef Linn Kristin Steinsbø som leiar sertifiseringsarbeidet i verksemda.
 

Til toppen