Samlinga var for nye lærlingar med tema som kva er viktig å ha fokus på som lærling, kva vil det seie å vere lærling og arbeidstakar, samt Rettleiingstenesta si rolle i fagopplæringa. Bømlo opplæringskontor ved John Helge Møgster, Asbjørn Mæland i Vestland fylke si rettleiingsteneste og Ann Helen Nesse Sætre frå Siemens Energy hadde kvar sine bolkar etter kommunedirektøren si orientering om kommunen sine tenester og ansvarsområder.
- Samlinga er for nye lærlingar kor fokuset er lærlingane si rolle på ein arbeidsplass. Det var ein raud tråd frå alle innlegg i høve til «Tips og triks» til lærlingar i høve til det å væra lærling og ny arbeidstakar på arbeidsplassen. Viktig å understreka at ein lærling framleis er under utdanning samstundes som ein er arbeidstakar. Lærlingane var aktive og stilte spørsmål, seier personalrådgjevar John Helge Møgster i Bømlo kommune.
Bømlo opplæringskontor er eit samarbeid mellom kommunen og næringslivet med kontor i rådhuset. Av 33 nye lærlingar som byrja no i haust er 14 av desse frå Bømlo kommune. Dei jobbar innan faga helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidarfaget, IKT-driftsfaget, ernæringskokkfaget og brannførebyggarfaget.