Folkehelsekoordinator grendavalsutmøte

- "Helsefremjande nærmiljø/lokalsamfunn" er eit stort og viktig utviklingsprosjekt i Bømlo kommune. Arbeidet er på vegne av resten av kommune-Norge som skal kunne nytte vårt arbeid i sin kommune, seier prosjektleiar Anne-Beth Njærheim.

 

Annonse gruppeleiar Habiliteringstenesta

Habiliteringstenesta har ledig fast stilling i 100% som gruppeleiar.

Helse Fonna-sjef Olav Klausen rosa Sunnhordland interkommunale legevakt som den flottaste legevakta i Norge, og som han reknar med andre vil kome på synfaringar til. Ein byrg styreleiar Kjell Magnar Mellesdal leia den offisielle opninga der Stord-ordførar Harry Herstad klypte den raude snora med hjelp av ordførarkollegaene i Fitjar og Bømlo onsdag 15. mars.

Stand utdanningsmessa 2017

Bømlo kommune hadde fått inn 23 søknadar til 12 lærlingeplassar frå hausten 2017. Søknadane fordelte seg med 6 til barne- og ungdomsarbeidarfaget, 12 til helsefagarbeidarfaget og fem til IKT-faget. 

Moster Servicesenter kjøken

Teiglandshagen bufellesskap flytta i oktober i fjor servering av middag frå kl. 13.00 til kl. 15.30. Eit tiltak som har gitt god effekt hjå bebuarane utan ekstraarbeid for dei tilsette. I tillegg er det frigjort tid på føremiddagen til andre kjekke aktivitetar.

Folkehelseprofil 2017

Folkehelseinstituttet har nyleg publisert Folkehelseprofil 2017 for Bømlo kommune. Me kjem godt ut på mange felt, til dømes særs god og sikker vassforsyning og kvalitet på drikkevatn. Av utfordringane er mellom anna lesedugleiken i 5. klasse.

Berit Morlandstø_ verksemdleiar tenestekontoret.jpg

Det er gjort ei lovendring som presiserer retten til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for heildøgnstenester, kriterier og ventelister, gjeldande frå 17.06.16. Bømlo kommune sender med dette ut førehandsvarsel om oppstart av arbeidet med kommunal forskrift for rett til opphald i sjukeheim m.m.

 

Nivå 2_ god kontakt helse

Bømlo kommune har sidan hausten 2015 gitt tilbod om heimebesøk til personar som fyller 77 år i løpet av året. Invitasjon og informasjonsbrev til dei født i 1940 vert sendt ut i løpet av dei komande vekene. 

Unitech og LOS elektro

Næringsminister Monica Mæland var æresgjest då industriklynga i Rubbestadneset lanserte store planar for forskings­senter, ny kabel­fabrikk og teknologi­dokk tysdag 31. januar. Statsråden vitja også Servogear, Bremnes Seashore, Eidesvik AS og Bømlo Skipsservice AS på sitt Bømlobesøk arrangert av Bømlo Høgre.

Nasjonalt legevaktnummer_logo

Onsdag 1. februar 2017 flyttar legevakta inn i Legevaktbygget som ligg like ved Stord sjukehus. 

Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering