Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Befolkningsvekst 2. kvartal 2016

Bømlo kommune auka innbyggjartalet med 46 personar i 2. kvartal i år slik at me no tel 11.818 personar. Fødselsoverskotet var 19 og netto innflytting 27 personar. 

Skulestart 2016

Torsdag 18. august startar grunnskulane i Bømlo opp skuleåret 2016-2017. Me ynskjer alle våre vel 160 nye førsteklassingar særskild velkomen. Under finn de oppstartstidspunkt for dei ulike skulane.

DAB-omlegging

Før jul neste år er riksdekkande radio heildigital i heile landet. Dette betyr at radiolytting må skje på ein DAB+-radio eller via internett eller digital-tv.

Brann kjøkentaket Bømlo helsehus

Ingen bebuarar eller tilsette kom til skade  eller måtte evakuerast under branntilløpet i grovkjøkenet på sjukeheimen i ettermidddag. Brannvernet, politi og ambulansepersonell kom kjapt til staden etter alarmen gjekk kring klokka 14.45. Dei fekk situasjonen raskt under kontroll, og dei tilsette på Bømlo helsehus sette i verk naudsynte tiltak.

lynnedslag-i-hus.jpg

Kvar sommar fører lynnedslag til mange brannar og skader på elektrisk utstyr. Du kan forebygge noke av skadevirkningene ved å montere overspenningsvern i din eigen bustad.

Nytt VA-anlegg 2016

Området skuleplassen, ballbinge og nærmiljøanlegg ved Foldrøy skule er stengd for all ferdsel i perioden 22.06 til 15.08. Området er stengd p.g.a. utbetring av vatn og avløpsanlegg ved skulen.

St. Hans bål

Brannsjefen har no oppheva totalt bålforbod i heile kommunen. 

Brannkonstabel røykdykkarbekledning

12 bekledningsdrakter for røykdykkarane og ein grunnpakke for overflateredning er jubileumsgåva frå Gjensidigestiftelsen til Bømlo brannvern. - Ei viktig og kjærkomen gåve til brannvernet som gjer oss endå betre rusta til å utføra beredskapsoppgåvene våre, seier ein nøgd konstituert brannsjef Ove Halleraker.

Opning nye krøllo_sks.jpg

Bømlo kommune får tildelt nær 6,6 millionar kroner i tippemidlar til 10 anlegg og 2 nærmiljøanlegg. - Dette er ei fantastisk nyhende for Bømlo, særskilt for alle dei frivillige laga og organisasjonane som kvar dag står på for å tilby gode aktivitetar til Bømlo sine mange barn og unge, men også vaksne, seier rådmann Geir E. Aga.

Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering