Pleie- og omsorgstenester - eigenbetaling

Med verknad frå 01.01.2017 vert følgjande satsar for eigenbetaling for kommunale pleie- og omsorgstenester gjeldande (G - grunnbeløp = 92 576,-):

Abonnement for heimehjelp:

Inntektsgrunnlaget er siste utlagde likning pr. 01.01. det året hjelpa vert gjeven. Dei som har hjelpestønad til hjelp i heimen får denne lagt til inntekta si.

 

Abonnement for heimehjelp
Inntekt inntil 2 G ( - 185 151)     200,- /mnd
Inntekt 2–3 G (185 152 - 277 727)    864,- /mnd
Inntekt over 3 G (277 728- )      1599,- /mnd.


Dei som har hjelp annakvar veke betalar halvt abonnement, med unnatak av dei med inntekt inntil 2 G.

 

Ulike tenester
 

Ulike tenester
   
Einskildoppdrag – heimehjelp:   210,-/time
Vurderingsbesøk når ein søkjer hjelp skal ikkje betalast for.  
Tryggleiksalarm:  210,-/mnd.
Korttidsplass institusjon:   155,-/døger
Dagplass – institusjon:   80,-/ døger
- skyss à kr. 49,- pr veg     98,-/dag
- div. (saft/frukt m.m.)     24,-/dag

                         

Sal av mat:

Sal av mat
Middag for eldre, trygda og uføre                Kr.   71,-
Graut     Kr.   31,-
Dessert  Kr.   24,-
Frukost og kvelds   Kr.   33,-
Middag for nære pårørande og tilsette Kr.   84,-
Middag for grupper o.l      Kr. 110,-
Rundstk., lefser, vafler o.l       Kr.   16,-
Brus              Kr.   20,-
Fløytekaker   Kr.   20,-
Kaffi   Kr.   15,-
(Påfyll      Kr.     7,-

 

(Revidert 23.12.2016)


Til orientering:

 

Det kan ikkje krevjast vederlag for:

  • heimesjukepleie etter Lov om pasient- og brukerrettigheter §2.1a.
  • praktisk bistand og opplæring etter Lov om pasient- og brukerrettigheter §2.1a til personeleg stell og eigenomsorg, dvs.: hjelp til å stå opp/kome i seng, pers. hygienge, toalettbesøk, av/påkledning, hjelp til å ete, nødvendig tilsyn og tilsvarande grunnleggjande behov, og opplæring for å gjera den einskilde så sjølvhjelpen som mogeleg i slike funksjonar.

 

Heimesjukepleie vert ytt etter Lov om pasient- og brukerrettigheter §2.1a. Praktisk hjelp og opplæring til personleg stell og egenomsorg vert gjeve etter Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2.1a og inneber hjelp til å stå opp, leggja seg, personleg hygiene, toalettbesøk, på- og avkleding, hjelp til å eta, tilsyn og tilsvarande grunnleggjande behov, og opplæring for å gjera brukaren sjølvhjelpen.

Det vert ikkje kravd eigenbetaling for praktisk hjelp og opplæring som går på personleg stell og eigenomsorg.

For praktisk hjelp i heimen vert det kravd eigenbetaling etter kommunalt betalingsregulativ. Viser til Lov om kommunale helse- og omsorgstenester §11.2 samt Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester.

Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 37 63
Tittel:
avdelingsleiar
Bunnhjørne
 
Login for redigering