Elevrådet - Svortland skule

 Alle skular skal ha elevråd.

 

Eit elevråd er eit demokratisk organ valt av elevane på ein skule. Det er elevrådet si oppgåve å representera elevane på skulen overfor rektor og andre som bestemmer på skulen.


I Opplæringslova § 11 står det at elevrådet skal fremja fellesinteressene til elevane på skulen og arbeida for å skapa eit godt lærings- og skulemiljø. Rådet skal også kunna uttala seg i og komma med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.

 

I barneskulen skal det vera med elevar frå 5., 6. og 7. trinn i elevrådet. Yngre elevar kan også bli valde. I ungdomsskulen skal det vera med elevar frå alle trinn. Kommunen fastset talet på elevrepresentantar. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skulen har teke til om hausten.

 

Elevrådsrepresentanten i kvar klasse kan ta opp saker elevar og klassen meiner elevrådet bør ta vidare med rektor. Det betyr at viss det er noko elevane ikkje er fornøgd med på skulen, kan elevane ta saka opp i elevrådet. Rektor skal høyra på det elevrådet har å seie om skulen.

 

Elevrådet kan t.d.:

  • vera med på å bestemma reglar på skulen
  • seia frå viss det er ekle do eller dårlig luft på skulen
  • fortelja lærarane kva dei synes om undervisninga

 

Eit medlem av undervisningspersonalet på skulen skal ha som oppgåve å hjelpa elevrådet i arbeidet. Denne elevrådskontakten har møte- og talerett i elevrådet.

Leiaren for elevrådet kan kalla inn til møte i rådet i samråd med elevrådskontakten. Rådet skal i alle høve kallast inn når ein tredel av medlemmene i rådet eller rektor krev det.

 

Du kan lese meir om elevråd og elevrådsarbeid hos Elevorganisasjonen.

I opplæringsloven § 11-2 og § 11-6 finn du reglane om elevråd.

Elevrådet på Svortland skule har jamlege møter. Representanter frå elevrådet kan meld frå om saker. Elevrådet handsamar saker som går på alt frå å ivareta elevane sitt psykososiale miljø på skulen til ønskjer for innkjøp og andre saker elevane er opptekne av.

 

Skuleåret 2018/2019 er elevrådet samansett slik:

4a: Leah         Vara: Ronja Evina

4b: Tiril           Vara: Henrik

5a: Even         Vara: Jenny Marie

5b: Olve         Vara: Selma

5c: Aurora     Vara: Mariell

6a: Ellinor      Vara: Pål

6b: Emilie      Vara: Lilly

7a: Andre       Vara: Ajiba

7b: Jenny       Vara: Sidon

Det er Jenny Pettersen Meling som er leiar og Emilie Ånderå er nestleiar.

Lærarkontakt er Ragna Alvsvåg Folgerø

 

 

Publisert av Kari Østensen. Sist endra 14.09.2018
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering