Skulemiljøutvalet (SMU) - Svortland skule

I Opplæringslova er det gjort klart at opplæringa skal skje i samarbeid og forståing med heimen. FUG (Foreldreutvalget for grunnopplæringen) har laga ein presentasjon om heim-skule samarbeidet i grunnskulen, med informasjon om rådsorgan, samarbeidsområde og forventningar. 

Skulemiljøutvalet (SMU)

Ein viktig del av det systematiske skulemiljøarbeidet er involveringa av elevane og brukarorgan ved skulen. Systemet må innehalde rutinar for korleis desse skal involverast i samsvar med lova sitt krav. Det vil ikkje vera tilstrekkeleg å ha oppnemnt eit skulemiljøutval, dersom utvalet ikkje vert involvert slik Opplæringslova § 9A-9   krev.

 

§ 11-1a. Skolemiljøutval ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skoleleiinga og kommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal.

 

Samarbeidsutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval. Når samarbeidsutvalet fungerer som skolemiljøutval, må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at dei samla får fleirtal.

 

Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla i skolemiljøutvalet. Når elevane ikkje er til stades, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarande bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar aukast tilsvarande.

 

Skolemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet, jf. kapittel 9a.

 

§ 11-7. Fellesreglar

Råda og utvala etter reglane i §§ 11-1 til 11-6 vel sjølv leiar og nestleiar. Dei vel også sekretær.

 

SAMARBEIDSUTVALET SOM SKOLEMILJØUTVAL

Fleire skular vel å bruke samarbeidsutvalet som delar av skolemiljøutvalet. Det er mogleg, men i samarbeidsutvalet er ikkje elevar og foreldre i fleirtal. Derfor må det oppnemnast fleire representantar frå desse gruppene i skolemiljøutvalet. Møta i samarbeidsutvalet og møta i skulemiljøutvalet bør vere klart åtskilde, og bør ha separate referat. Ein kan velje å leggje møta i skulemiljøutvalet rett før eller etter møta i samarbeidsutvalet.

 

Skulemiljøutvalet skal arbeide for å auke deltakinga frå elevane, foreldra, skolen og dei tilsette i arbeidet med skulemiljøet. Elevar og foreldre skal vere i fleirtal i utvalet. Utvalet skal gi råd til skulen i arbeidet med skulemiljøet, men har ikkje rett til å gjere bindande vedtak. Skulemiljøutvalet kan òg be skulen setje inn tiltak for å betre det fysiske og det psykososiale miljøet på skolen. Alle grunnskular og vidaregåande skular har plikt til å ha eit skulemiljøutval. Elevar og foreldre har ein rett til å bli høyrt. 

 

Skulemiljøutvalet ved skulen 2018/2019:

Namn:

Representerer:

Funksjon:

Lina Eidet

Elevane

 
Marie Vespestad

Elevane

 
 

Elevane

 
Anette Stokkenes

Foreldra sitt Arbeidsutval/FAU

 
Hanne Lene Nesse Håvik

Foreldra sitt Arbeidsutval/FAU

 
 

Foreldra sitt Arbeidsutval/FAU

 
Ragna Alvsvåg Folgerø

Tilsette

 
Knut Arve Nordfonn

Tilsette

 
 

Tilsette (kan vera helsesøster)

 
Kari Østensen

Skuleleiinga

 
Aslaug Wathne Skimmeland

Kommunen

Leiar

Møtefrekvens:

Rettleiaren for skulemiljøutval føreslår i sitt årshjul  8 møte:

3 i haustsemesteret: september, oktober, november/desember

5 i vårsemesteret: januar, februar, mars, april/mai, juni.

Møtedato:

Saker:

   
   
   
   
   
   
Publisert av Kari Østensen. Sist endra 23.09.2020
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering