Reguleringsplan

Ein reguleringsplan blir utarbeidd for å visa utnytting og vern av grunn, vassdrag, sjøområde, bygningar og det ytre miljøet i kommunen. Reguleringsplanen kan omfatta eitt eller fleire føremål, til dømes byggjeområde, landbruksområde, offentlege trafikkområde, friområde m.m.

Dei som ønskjer å utarbeida private framlegg til reguleringsplan/reguleringsendring må nytta Bømlo kommune sin "Startpakke for reguleringsplanar". Der finn du informasjon om oppstart, krav til planleveranse, sakshandsamingstid og reguleringsendring. Startpakken finn du her (PDF, 5 MB).
 

Skjema for tinging av oppstartsmøte finn du her. (PDF, 607 kB)


Generell informasjon om reguleringsplanprosess finn du her
 

Grunneigarar, rettshavarar og innbyggjarar har rett til å uttala seg når planen blir utarbeidd, og kan klaga på planvedtaket.

Reguleringsplanar kan utarbeidast som områderegulering eller detaljregulering. I menyen til høgre vil du finna meir informasjon om reguleringsplanar. 

I Bømlo kommune er det eining for Arealbruk som førebur handsaming av eigne arealplanar og planar som er fremja av private.

Når private skal utarbeida reguleringsplan, skal planspørsmålet leggjast fram for planmynde i kommunen (RBO) i eit oppstartsmøte (pbl §12-8).


Alle kunngjeringar undervegs i planprosessen er å sjå på www.bomlo.kommune.no  under menyen kunngjeringar . Her finn du informasjon om planarbeida og frist for å koma med evt. innspel/klage m.m. Følgjande skal kunngjerast i planprosessen:

  • Planprogram for reguleringsplan (NB! Ikkje alle planar har krav om planprogram)
  • Varsel om oppstart reguleringsplan
  • Off. ettersyn/høyringar av framlegg til reguleringsplan
  • Kommunestyret sine vedtak om reguleringsplan  
Sist endra 11.03.2015
Fant du det du leitte etter?
Nyhendearkiv
Relaterte artiklar (1)
Aktuelle lover og regleverk (1)
 
Login for redigering