Reguleringsplanprosessen

planprosess reguleringsplan - flytskjema - Klikk for stort bilete

Reguleringsplanar skal utarbeidast når dette er bestemt i kommuneplanen sin arealdel. For større byggje- og anleggsarbeid skal det alltid utarbeidast reguleringsplan. Skissa over illustrerer planprosessen.

Plantype:
Etter plan- og bygningslova (pbl) er det 2 kategoriar av reguleringsplanar; områderegulering (utarbeidast av kommunen, kan etter nærare avtale utarbeidast av private) og detaljregulering. Detaljregulering er eit arealplankart med tilhøyrande reguleringsføresegner. Ei detaljregulering fastset arealbruken og dannar grunnlag for å avklare kva for byggjetiltak som kan gjennomførast i planområdet.

Planen si levetid:
For planar fremja som privat reguleringsplan skal byggje- og anleggstiltak som vert heimla i planen vera igongsett innan 10 år frå vedtaksdato på planen. Etter søknad frå tiltakshavar kan planvedtaket forlengjast med inntil 2 år av gongen, jf. pbl § 12-4.

Plangebyr: Gebyr for private planframlegg finn du på nettsida vår her. Gebyrsatsane vert årleg justert av Bømlo kommunestyre.  

Sist endra 01.11.2017
Fant du det du leitte etter?
Nyhendearkiv
Relaterte artiklar (2)
Aktuelle lover og regleverk (1)
 
Login for redigering