Foreldrekontaktar - Hillestveit skule

Foreldrekontaktane (klassekontaktane) er kontaktleddet mellom foreldra i gruppa/klassen og Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU), og dei er bindeleddet mellom foreldra i gruppa og kontaktlæraren/ skulen. Foreldrekontaktane er viktige foreldrerepresentantar i skulen. Det vert gjerne valt to i kvar gruppe.

 

Foreldrekontaktane sine oppgåver:

  • Opprettehalde god kontakt med alle elevar og foreldra i gruppa og ivareta deira interesser
  • Planleggja foreldremøta saman med kontaktlæraren
  • Leggja fram saker som FAU vil høyre foreldra si meining om
  • Vurdere kva foreldra kan gjere for å utvikla eit godt miljø i gruppa.
  • Sørgja for at nye foreldrekontaktar blir valt og at disse blir informert om sine oppgåver.

 

Å bruke tid på skulegangen til barna er ei svært god investering. Det er viktig for barnet å sjå at foreldra interesserer seg for skulen. Forsking viser at ei positiv interesse hos foreldra for skulegangen til barna har meir å seie for barnas utbytte av skulegangen enn noko anna.

Som foreldrekontakt har du ein god sjanse til å vere med på å påverke innhaldet i skulen. Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) håper at heftet ABC for foreldrekontakter kan bidra til å gjere arbeidet som foreldrekontakt morosamt, lærerikt og meiningsfylt. FUG oppfordrar foreldre til å melde seg som foreldrekontaktar og engasjere seg i samarbeidet med skulen.

Klassekontaktar skuleåret 2020/21

 

1.klasse -

 

2.klasse - Ivar Barane

 

3.klasse - Ingelin Holme, Daiva Zakareviciene

 

4.klasse-

 

5.klasse - Andreea Gheorghiu, Vivian Sætre

 

6.klasse-  Elisabeth Vold, Cecilie Vold

 

7.klasse- Elvira Nilssen, Priyakorn Geitung

 

8.klasse - Agnetha L. Lønning, Ellen Eidesvik

 

9.klasse -  Stine Lodden, Linn Nilssen

 

10.klasse - Lilly Stavland, Izabela Jaskula

Sist endra 12.08.2020
Fant du det du leitte etter?