Endring av reguleringsplan

Hovudregelen er at ein ved endring og oppheving av reguleringsplan må igjennom nøyaktig same prosess som ved utarbeiding av ny plan. Det medfører at oppstart, varsling, utarbeiding av reguleringsendring og handsaming av endring eller oppheving av plan, på alle punkt er dei same som ved utarbeiding av reguleringsplan.

 

Mindre endringar kan likevel handsamast enklare (sjå orientering lengre nede). Før arbeidet vert starta må du difor ta kontakt med kommunen v/plansak og avklare handsamingsmåte.

Mindre endringar

Dersom du søkjer om mindre justeringar av reguleringsføremål, byggjegrenser, vegtrasear eller liknande kan dette i mange høve handsamast som mindre/små planendringar og gjevast ei enklare sakshandsaming enn ved ordinær handsaming av reguleringsplanar. Skilje mellom kva tiltak som krev full reguleringsplanendring og kva som kan handsamast som ei mindre endring vert vurdert etter skjønn.

Mindre endringar kan handsamast etter fullmakt frå rådmannen. Føresetnaden for vedtak med delegert mynde er at det ikkje føreligg vesentlege merknader i saka eller at saka har prinsipielle tilhøve som tilseier politisk behandling.

 

Møte med sakshandsamar

Dersom naudsynte dokument er sendt til kommunen på førehand (forslag til dei endringar ein ynskjer i plankart og/eller føresegner), vil møtet kunne haldast innan 2 veker etter at du har bede om dette.

 

Kommunen vil vurdere tiltaket på bakgrunn av det innsendte materialet og vil på møtet informere om rammeføresetnader og krav knytt til arealplanar, infrastruktur, aktuelle lovar og forskrifter, krav til dokumentasjon/planmateriell, samt behov for koordinering med andre mynde. Du vil også få informasjon om sjølve sakshandsaminga og om sakshandsamingstida.  

 

Krav til innsendt materiell/utforming av plan 

Planforslag skal utarbeidast av fagkunnig og i høve til miljøverndepartementet sin vegleiar, T-1490, for reguleringsplanar. T-1490 finn du her. Plankartet skal normalt leverast i digital form i høve til gjeldande sosi-standard og med forenkla tittelfelt. Planføresegner og tilleggsmateriell skal utførast i høve til Bømlo kommune sin startpakke for reguleringsplanar. Startpakken finn du her (PDF, 5 MB).

 

Unnatak frå dette gjeld berre heilt enkle byggje/frådelingssaker kor det samstundes vert søkt om mindre endring som til dømes felles tilkomstveg og ny regulert tomtegrense. Omfanget av materiell må tilpassast omfanget av endringsforslaget.

 

Varsel til råka partar

Tiltakshavar/forslagsstillar skal varsla råka partar om forslaget til planendringa. Dette vil seie naboar/gjenbuarar og eventuelle offentlege instansar. Uttalefrist skal minimum vere 4 veker. Liste over råka partar tingast hos Bømlo kommune v/plansak, og sakshandsamar ved plansak vil kunne påpeike eventuelle offentlege instansar som skal varslast. I varselbrevet må det klart gå fram kva planendringar som vert føreslått.

 

Søknad til kommunen

  • Etter at høyringsfristen er utløypt, skal søknaden sendast til kommunen.
  • Søknaden skal innehalda følgjande:
  • Søknad (tekst med skildring av kva som ynskjer endrast – med grunngjeving)
  • Kopi av nabovarsel
  • Liste over alle naboer/gjenbuar
  • Kopi av innkomne merknader, og forslagstillar sine kommentarar til desse
  • Forslag til endringar ein ynskjer i plankart og/eller føresegner.

 

Dokumenta skal sendast i digitalt format til postmottak@bomlo.kommune.no med kopi til sakshandsamar.

 

Gebyr:

Det må betalast gebyr for søknad om mindre endring. Gebyr reknast ut frå det gebyrregulativet som gjeld på det tidspunktet komplett planforslag vert mottatt av kommunen.

Sist endra 01.11.2017
Fant du det du leitte etter?
Nyhendearkiv
Relaterte artiklar (1)
Viktig informasjon (1)
 
Login for redigering