Foreldrekontaktar - Svortland skule

Foreldrekontaktane (klassekontaktane) er kontaktleddet mellom foreldra i gruppa/klassen og Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU), og dei er bindeleddet mellom foreldra i gruppa og kontaktlæraren/ skulen. Foreldrekontaktane er viktige foreldrerepresentantar i skulen. Det vert gjerne valt to i kvar gruppe.

 

Foreldrekontaktane sine oppgåver:

  • Opprettehalda god kontakt med alle elevar og foreldra i gruppa og ivareta deira interesser
  • Planleggja foreldremøta saman med kontaktlæraren
  • Leggja fram saker som FAU vil høyra foreldra si meining om
  • Vurdera kva foreldra kan gjera for å utvikla eit godt miljø i gruppa.
  • Sørgja for at nye foreldrekontaktar blir valt og at desse blir informert om sine oppgåver

 

Å bruke tid på skulegangen til barna er ei svært god investering. Det er viktig for barnet å sjå at foreldra interesserer seg for skulen. Forsking viser at ei positiv interesse hos foreldra for skulegangen til barna har meir å seie for barnas utbytte av skulegangen enn noko anna.
 


Som foreldrekontakt har du ein god sjanse til å vere med på å påverke innhaldet i skulen. Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) håper at heftet  ABC for foreldrekontakter kan bidra til å gjere arbeidet som foreldrekontakt morosamt, lærerikt og meiningsfylt. FUG oppfordrar foreldre til å melde seg som foreldrekontaktar og engasjere seg i samarbeidet med skulen. Lykke til med eit viktig verv!

 

 

 

Foreldrekontaktar  2017/2018

 

Namn:

Klassetrinn:

   
   
   
 

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert av Kristine Sætre. Sist endra 04.10.2017
Fant du det du leitte etter?
Nyhendearkiv
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering