Realkompetansevurdering

Vaksne kan ha tileigna seg realkompetanse gjennom skule, kurs, arbeidserfaring, fritidsaktivitetar og på andre måtar. Før inntak til vaksenopplæring skal den vaksne få tilbod om realkompetansevurdering, slik at opplæringstilbodet blir tilpassa behovet han eller ho har. 

For deg som har gjennomført grunnskule i heimlandet, men manglar dokumentasjon, har kommunen ansvar for å vurdere om kunnskapane dine i faga norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag er så gode at du kan meistre nivået på vidaregåande skule. Det betyr at du må vurderast i forhold til måla i den norske læreplanen (Kunnskapsløftet) for den 10. klasse, og du må oppnå karakteren 2 eller betre for å få bestått. 

Realkompetansevurdering er gratis for den som er busett i Bømlo kommune. 

 

På utdanningsdirektoratet si heimeside kan du lese meir om den norske læreplanen for grunnskulen.

 

 

 

 

 

 

 

Sist endra 28.01.2020
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering