Introduksjonsprogram for nyankomne innvandrarar

Frå 1. september 2004 gjeld introduksjonslova si rett og plikt til eit introduksjonsprogram for nyankomne innvandrarar. Gjennom denne lova har staten fastsett eit rammeverk for kommunane i si oppfølging og integrering av nyankomne innvandrarar.


Deltakarane i introduksjonsprogrammet får stønad frå kommunen på 2G pr månad. Denne summen er skattepliktig. Dei har rett til å delta i programmet i 2 år, og i løpet av denne tida skal dei vera kvalifisert til yrkeslivet eller til ei vidare utdanning i Norge. Det vert sett opp individuell plan med deltakarane sine mål for programmet, og dei vert også fylgd opp på praksisplassar. Deltakarane i programmet har eit heildags – og heilårsprogram. Det vil seia at dei har eit tilbod på 37,5 time pr veke i 47 veker i året. 


Bømlo vaksenopplæring har eit tett samarbeid med offentlege og private verksemder der våre deltakarar er ute i praksis. Me gir alle deltakarane ei individuell og tilpassa opplæring og rettleiing for at dei skal kunna kvalifisere seg til arbeidslivet eller vidare utdanning i Noreg.


Her kan du lese meir om introduksjonslova

Sist endra 28.01.2015
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering