Norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Introduksjonslova kap. 4 heimlar obligatorisk opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar på 600 timar, der 50 timar skal vera samfunnskunnskap på eit språk innvandraren for står. Obligatorisk opplæring vil og seie at ein har rett til individuelt tilrettelagt opplæring. I tillegg til 600 timar har kommunen plikt til å gi ytterlegare opplæring i inntil 2700 timar for personar som har behov for slik opplæring for å nå eit det ein kallar norskprøve 3-nivå (nivå B1) i det felleseuropeiske rammeverket for språk.


Opplæringa i norsk og samfunnskunnskap skal gjera det mogleg med likestilling, deltaking og intergrering i det norske samfunnet for innvandraren. Avgjerande for at dette skal kunne skje, er at opplæringa gir det mogleg for innvandraren å bruka sin medbrakte kompetanse. 


Ny Læreplan for norsk og samfunnskunnskap vart innført i august 2005 og skildrar den språkopplæringa som danner grunnlag for vidare skulegong, utdanning og yrkesliv. Vaksne har rett til opplæring på både grunnskulen sine og vidaregåande skule sine område etter visse føresetnader. Retten gjeld for alle vaksne, også vaksne innvandrarar. Utforming og læresynet i planen er utradisjonell i forhold til det øvrige læreplanverket, og dette vert begrunna med at målgruppa er så innbyrdes ulike at det er nødvendig for læraren å ha både ei heilhetleg oversikt over og ein meir detaljert skildring av dei tre spora som deltakarane er delt inn i. 


Deltakarane ved Bømlo vaksenopplæring er altså delt inn i 3 spor, der utgongspunktet for inndelinga er skulebakgrunnen til den enkelte. Det vil seia at ein deltaker med liten eller ingen skulebakgrunn frå heimlandet vil gå i spor 1 der måla er dei same; norskprøve 3, men denne kan avleggast munnleg. Deltakarane i spor 2 vil ha grunnskulebakgrunn eller tilsvarande. Progresjonen er her noko raskare, og målet er norskprøve 3 munnleg og skriftleg. Spor 3 er for deltakarar med vidaregåande og/eller høgare utdanning frå heimlandet. Desse vil ha raskast progresjon og evt kunna ta ein norskprøve 4, Bergenstesten, som kvalifiserer deltakarne til vidare utdanning på høgskule eller universitet.
 

Her kan du lese meir om introduksjonslova
 

 

Sist endra 04.07.2019
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering