Oppmålingsforretning

Oppmålingsforretning går ut på å klarleggje og beskrive grenser og rettar i tråd med partane sine påstandar og framlagde dokument, og elles bringe fram opplysningar og dokumentasjon som er nødvendig for matrikkelføring og eventuelt tinglysing. Den som utfører oppmålingsforretninga, skal ta vare på alle partar sine interesser og utføre forretninga i samsvar med god landmålarskikk.

Partane har rett på minst 2 vekers skriftleg varsel før oppmålingsforretninga skal haldast. Heimelshavar / rekvirent, festar, kjøpar og naboar og i visse høve rettshavarar får tilsendt skriftleg varsel. Ved forretninga skal ein klarleggja grensene mot grannane, og grensene skal merkast og målast. Eksisterande grenser må partane sjølve påvisa. Tidlegare landmålte grenser kan kommunen påvisa.

Partane har 3 vekers klagefrist på t.d. gjennomføringa av forretninga og møteprotokollen. Etter gjennomført oppmålingsforretning vert faktura på oppmålingsgebyr sendt til rekvirenten (kjøpar dersom denne er kjend), som er ansvarleg for at gebyret vert betalt.

 

Grensejustering :
Grensejustering vert nytta der det overførte nettoarealet er mindre enn 5% av arealet til avgjevar-/mottakareigedom. Avgjevareigedomane kan ved makebyte likevel ikkje reduserast med meir enn 20 % brutto av arealet før justeringa. Under føresetnad av at arealbruken er i samsvar med gjeldande arealplan, slik som t.d. kommuneplan og reguleringsplan, kan grensejustering utførast utan at det er søkt om delingsløyve etter Plan- og bygningslova. Grensejustering vert ikkje tinglyst, men vert registrert i Matrikkelen.

 

Arealoverføring

Arealoverføring vert brukt i saker der arealet som vert overført ikkje skal få nytt bruksnummer, men likevel er så stort at reglane for grensejustering ikkje kan nyttast. Det må alltid liggja føre løyve etter Plan-- og bygningslova til arealoverføring.

 

 

Gebyr:
Behandling av søknad om oppretting av ny grunneigedom eller arealoverføring medfører saksbehandlingsgebyr. I tillegg kjem oppmålingsgebyret.  Dersom søknaden om deling av areal skal behandlast etter jordlova vert det også krevd gebyr for dette.

 

Skøyte:
For at kjøpar skal stå som eigar av tomta, må det tinglysast skøyte på tomta. I skøytet er det viktig å ta med avtalar om vegrett, gjerdeplikt, rett til å leggja vass- og kloakkleidning, etc. over annan eigedom. Styraren ved oppmålingsforretninga skal bidra til avklaring av eksisterande og nye rettar. Med skøyte må det fylgje konsesjonsløyve eller eigenerklæring om konsesjonsfritak. 
 

Konsjonsfritak:
Det er konsesjonsfritak for m.a.:

  • Slektskap mellom seljar og kjøpar
  • All bebygd eigedom under 100 daa som har under 25 daa fulldyrka/overflatedyrka jord
  • Tomt for bustad/fritidsbustad under 2 daa som er godkjent frådelt atter Plan- og bygningslova og jordlova
  • Tomter og areal som i kommuneplanen er utlagt til byggjeområde

Konsesjon:
Det må søkjast om konsesjon for overtaking av følgjande eigedom, jamfør konsesjonslova: 

  • All bebygd eigedom som er over 100 daa.
  • All bebygd eigedom som har over 25 daa fulldyrka/overflatedyrka jord
  • Einskildtomter eller andre areal i LNF-område i kommuneplanen.

Tinglysing:

Du finn mykje nyttig informasjon om tinglysing hjå Statens kartverk her.

 

 

 

Sist endra 01.11.2017
Fant du det du leitte etter?