Kommuneplan 2013-2025

Kommunestyret vedtok 18. mars 2013 kommuneplan for Bømlo kommune 2013 – 2025. Kommunestyret sitt vedtak er endeleg og kan ikkje påklagast, jf. Plan- og bygningslova § 11-16. For eventuelle framtidige krav om innløysing eller ekspropriasjon vert det vist til § 15-1 og 16 i plan og bygningslova.

 

Den vedtekne kommuneplanen omfattar samfunnsdel og arealdel og består av tekstdel og plankart med tilhøyrande føresegner, retningsliner og vedlegg. Kommuneplanen sin arealdel viser hovudtrekka i arealdisponeringa og rammer og vilkår for kva nye tiltak og ny arealbruk som kan setjast i verk, og kva viktige omsyn som må ivaretakast ved disponering av areala.


Kommuneplanen 2013-2025 inneheld følgjande:

Samfunnsdelen finn du her (PDF, 2 MB)

 

Planomtale til arealdelen finn du her (PDF, 2 MB)
 

Her er kommuneplankartet for 2013-2025 (PDF, 9 MB)

 

Akseptkriterium ROS-analyse i arealplanlegging Bømlo kommune 06.02.2013 (PDF, 386 kB)
 

Vedtekne føresegner kommunestyret 18.3.2013 (PDF, 851 kB)


Støyvarselkart del I nord finn du her (PDF, 3 MB)
 

Støyvarselkart del II sør finn du her (PDF, 2 MB)
 

Plankartet er å finna her på www.fonnakart.no.

(Slå på karttype: kommuneplanens arealdel).

Plandokumenta er også tilgjengeleg på Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 Bremnes.

Det kom inn mange innspel og merknader til kommuneplanen både frå offentlege organ, ulike lag og organisasjonar, andre med særlege interesser og private grunneigarar. Vedteken kommuneplan er såleis eit resultat av ein omfattande planprosess der dei ulike brukarinteressene er omtalt og vurdert. For fleire av dei innpassa utbyggingsområda er det stilt krav til godkjent reguleringsplan før frådeling av eigedom og utbygging kan ta til.

Hovudmengda av dei private innspela/merknadane gjaldt ynskje om areal til fritidsføremål i strandsona med hovudvekt på søknad om omdisponering av areal frå naust til fritidsføremål.

Dei som har fått ynskje om omdisponering frå naust til fritidsføremål innpassa i kommuneplanen og som ikkje er omfatta av plankrav som nemnt ovanfor, må no søkja om bruksendring i samsvar med § 20-1 pkt.d  i plan- og bygningslova. Dette inneber at søknad om bruksendring frå naust til fritidsbudstad må sendast via godkjent føretak/søkjar som tilfredsstillar krav etter reglane i plan- og bygningslova. Søknaden skal utformast i tråd med nye vedtekne retningsliner og føresegner i kommuneplanen.
 

Sist endra 07.12.2016
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 56
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
Eining (1)
 
Login for redigering