Tilskotsordningar i landbruket

sauer-1-72.jpg - Klikk for stort bilete

 

Kommunen er førsteinstans for mange av tilskotsordningane i landbruket. Søknad om tilskot vert behandla av kommunen, mens det er Statens landbruksforvaltning som har ansvar for hovudutbetalingene.

Kort om dei ulike tilskotsordningane:

  • Produksjonstilskot, med føremål å bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk. 2 søknadsomgangar med frist 15. mars og 15. oktober. Søk elektronisk her
     
  • Avløysartilskot ved sjukdom og ferie er ein del av velferdsordningane i landbruket. Du kan søkje om tilskott til avløysing ved mellom anna: ferieavvikling, sjukdom, svangerskap/fødsel/adopsjon, følgje av sjukt barn til behandling eller dødsfall i nær familie.Frist for søknad om tilskot til avløysing ved ferie og fritid er 15. oktober i året avløysinga skjer.
     
  • Tidlegpensjon, ordninga med tidlegpensjon er ein del av veldferdsordningane i landbruket. For å oppfylle tidlegpensjon er det sett nokre krav til søkjaren, mellom anna inntektskrav og varighet i næringa.
     
  • Regionalt miljøprogram, landbruksføretak som mottek produksjonstilskot kan søkje om tilskott knytta til Regionalt miljøprogram. Dette programmet blir utarbeidd for å møte prioriterte miljøutfordringar i fylket, både når det gjeld kulturlandskap og forureining, til dømes stønad til skjøtsel av steingardar, kystlynghei eller biologisk verdifulle areal. Søknadsfrist: 20.september. Søk elektronisk her.
     
  • Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) kan du søkje kommunen om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Formålet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift. Kommunen avgjer søknaden om tilskot. Har du fått innvilga tilskot, blir det utbetalt etter skriftleg oppmoding frå deg og når tiltaket har fått godkjent sluttrekneskapen, evt. delutbetaling undervegs. Søknadsfrist 1.juni.
     
  • Tilskot til drenering av landbruksareal der føremålet med drenering er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord - til fordel for både avlingar og miljø. Søknad må sendast landbrukskontoret på eige skjema (LDIR-443).

 

Klagerett og omgjering av vedtak for tilskotsordningane gjeld etter forvaltningslova.

 

Kontakt oss
Kontakt Bømlo kommune v/landbruksavdelinga dersom du lurar på noko.

 




 

Sist endra 11.09.2017
Fant du det du leitte etter?