Landbruksveg

Kommunen skal sikre at bygging av veger til landbruks- eller skogbruksføremål skal skje på ein måte som gir landbruksfaglege helheitsløysningar. Det skal og leggast vekt på omsynet til miljøverdiar knytta til naturmiljø, landskap, kulturminner og friluftsliv.

Du må ha godkjenning av kommunen ved nybygging eller ombygging av landbruksvegar. Det skal leggjast vekt på at vegen fremjar rasjonell landbruksdrift og tek vare på heilskaplege løysingar uavhengig av eigedomsgrenser. Landbruksvegar vert handsama etter forskrift om planlegging og godkjenning av veier for landbruksformål. Kravet er at gevinsten vegen gjev skal vere frå jordbruk- eller skogbruksføremål. Veger med til naust eller hytter skal søkast og handsamast etter Plan- og bygningslova. 

I samband med handsaming av søknaden kan kommunen mellom anna setje vilkår for linjeføring, teknisk utforming og miljømessig tilpassing av vegen. Omsøkte vegar skal byggjast i tråd med byggjebeskrivingane i normaler for landbruksveger. Det er krav om at kommunen sendar søknaden til uttale hjå Fylkeskommunen for kulturminnefagleg fråsegn. Søknadsskjema finn du i menyen til høgre og skal sendast til landbruksavdelinga i kommunen.


Vedtaket frå kommunen kan påklagast innan 3 vekar etter at søkaren vart gjort kjend med vedtaket jf. forvaltningslova.


Det kan søkast om tilskot til bygging av landbruksveg. Søknaden skal sendast kommunen men det er Fylkesmannen som utbetalar endeleg tilskot. Kontakt landbrukskontoret for meir info dersom dette er aktuelt.


 

Sist endra 10.03.2015
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (2)
Aktuelle lover og regleverk (2)
Søknadsskjema (1)
 
Login for redigering