Landbrukseigedom

Konsesjon, buplikt, omdisponering og deling av landbruksareal og driveplikt vert omtala her.

 

Konsesjon og buplikt


Reglane om konsesjon står i konsesjonsloven og tilhøyrande forskriftar.Hovedregelen er at du kan erverve bebygd eigedom som ikkje er større enn totalt 100 dekar og heller ikkje har meir enn 25 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord eller ikkje meir enn 500 daa produktiv skog, utan å søke konsesjon. Då må du istaden fylle ut skjema "eigenfråsegn om konsesjonsfridom ved kjøp av fast eigedom" som skal godkjennast av kommunen.

Ved handsaming av konsesjonssøknaden skal ein etter konsesjonslova blant anna vurdere pris ved kjøp av landbrukseigedom (priskontroll), om omsynet til busetting vert ivaretatt, om erveret fører til ei driftsmessig god løysning, om søkjaren er skikka til å drive eigedommen.


Det er gebyr for handsaming av konsesjonsøknadar etter konsesjonslova uavhengig om konsesjon vert gjeven. Per d.d. er gebyret på kr 5000,- i Bømlo kommune.

Det kan vere buplikt på landbrukseigedommar som krev konsesjon, med enkelte unntak. Til dømes vil tidligare bruk (fritidsbustad) og eigedommar med lite jordbruksareal sleppe krav om buplikt. Buplikta krev at ein busett seg på eigedommen innan 1 år og bur der i minst 5 år.


Omdisponering og deling av landbrukseigedom
Du må søkje dersom du ynskjer å dele ifrå eller omdisponere areal på din landbrukseigedom. Søknaden skal sendast til kommunen. Landbrukskontoret vurderar søknadane etter jordlova. Kommunen kan sette vilkår til frå delinga som er naudsynte for å ivareta jordlova sitt formål. Sjå og under bustad og eigedom.

Det skal betalast gebyr for handsaming av delingssakar. Per d.d. er gebyret på kr 2000,- i Bømlo kommune.


Driveplikt
Reglane om driveplikt gjeld alle som disponerer landbruksareal, det vil seie fulldyrka areal, overflatedyrka areal og innmarksbeite. Innan 1 år frå ein overtek eigendommen må eigeren bestemme seg for om han ynskjer å drive jorda sjølv eller å oppfylle ved å leige bort. Det kan søkast fritak frå driveplikta.

 

Sist endra 19.12.2014
Fant du det du leitte etter?