Råd og rettleiing, sosiale tenester

NAV-kontoret har ei viktig oppgåve med å gje råd og rettleiing når du står ovanfor eit sosialt problem. Dette kan t.d. vera knytt til samlivsvanskar, bustadproblem, funksjonshemming, rusmiddelavhengighet, økonomiske vanskar osb. Mange vanskar kan løysast eller avhjelpast gjennom råd og rettleiing eller ved å gjera seg nytte av ulike støtte- og hjelpeordningar. Dei tilsette ved NAV-kontoret har brei innsikt i ulike ordningar som både kommune, fylkeskommune, stat og andre administrerer.


For å kunna gje råd og rettleiing er det viktig at du gjev nødvendig informasjon om bakgrunnen for problemet ditt. Dei tilsette ved kontoret har teieplikt, og du kan gjerne drøfta vanskane anonymt.  Når du berre får råd og rettleiing vert dette ikkje registrert i kommunen sine arkiv eller datasystem.


 Les meir om NAV Bømlo her 
 
 
Korleis ta kontakt 
Ta kontakt med NAV sitt Kundesenter på tlf. 55 55 33 33 og bestill time hos saksbehandlar. Fortell kort kva saka gjeld, slik at du får time hos den som best kan hjelpa deg.

Sist endra 21.01.2015
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering