Gjeldsrådgjeving

Målgruppe 
Personar og familiar som har gjeldsproblem.  
 
 
Formål med tenesta 
Bidra til at personar og familiar med gjeldsproblem skal kunne attvinna varig kontroll over eigen økonomi, slik at dei kan bli sikra stabile buforhold og oppretthalda ein nøktern bustad.  


Press frå kreditorar er svært vanskeleg å møta når ein står i ein situasjon der inntekta er lågare enn utgiftene. Lovverket gjev deg likevel mange rettar i ein slik situasjon, men det er viktig at du tek kontakt med kreditorane dine når du ser at du ikkje er i stand til å betala krava. I langt dei fleste sakene er kreditorane imøtekomande med å finna løysingar. Er du varig ute av stand til å betala ned gjelda di, vil gjeldsordningslova kunna gje deg rett til frivillig eller tvungen gjeldsordning.
 
 
Gjeldsordningslova om frivillig og tvungen gjeldsordning for privatpersonar skal kunna gjera det mogleg for personar med omfattande gjeld å få kontroll over eigen økonomi. Sjølv om gjelda er omfattande, får ein ikkje utan vidare sletta gjelda. Lova gjer det likevel mogleg gjennom ei frivillig eller tvungen gjeldsordning å kunna få sletta heile eller delar av gjelda. Du skal ha rett til ein rimeleg levestandard, medrekna nøktern bustad, rett til å forhandla utan urimeleg press frå kreditorane dine og rett til ein ny start.




NAV-kontoret er den instans i kommunen som skal gje råd og rettleiing når du har vanskar med økonomien. Mange gjeldsproblem kan ordnast gjennom avtalar med kreditorane dine om utsetjing eller attendebetaling i avdrag, ettergjeving av delar av gjelda, refinansiering av lån osb. Det er ingen vilkår knytt til retten til å få slik rettleiing. Om du kjem inn under geldsordningslova, er det fleire rettar og pliktar både du og kreditorane dine har. Saksbehandling etter gjeldsordningslova er lagt til namsmannen, som i vår kommune er lensmannen.   
 
 Ta kontakt med NAV sitt Kundesenter på tlf. 55 55 33 33.  Lag deg så langt råd er eit oversyn over den samla gjelda di på førehand. Rettleiar vil saman med deg sjå på moglege løysingar, og hjelpa deg med korleis du skal gå fram.



Aktuelle lenkjer
 
Les meir om NAV Bømlo her

Nærare om gjeldsrådgjeving kan du finna på NAV si nettside om gjeldsrådgjeving. Les om NAV si landsdekkjande telefonteneste - 800GJELD (800 45 353).

 

 www.gjeldsoffer-alliansen.no 
 http://www.gjeld.org/  
 
 
 

Sist endra 23.11.2014
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering