Rusmeistring og avhengighet

Rustenesta skal gjennom råd, rettleiing og hjelpetiltak tilby hjelp til å kome vekk frå avhengigheit til alkohol, andre rusmiddel eller avhengigheit (f.eks spel).

Dette kan vera tiltak innan førebygging, kartlegging og henvising, samt oppfølging før, under og etter tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).

Rustenesta kan og gje råd og rettleiing til pårørande.

 

 

 

Kva kan me tilby?

Rusvernkonsulentane arbeidar i hovudsak med:

  • Kartlegging av hjelpebehov og individuelt tilpassa oppfølgingstiltak.
  • Henvisning til rusbehandling i spesialisthelsetenesta.
  • Samarbeid med eksempelvis lege, pårørande, spesialisthelsetenesta med fleire.
  • Tilby lågterskel arbeidstiltak.
  • Motiveringssamtalar.
  • Økonomisk rådgjeving.
  • Hasjavvenninngsprogram (ungdom og vaksne)
  • Henvisning og oppfølg av legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
  • Oppgølging av gravide som brukar rusmiddel.

 

 

Kvar finn du oss?

Me er ein del av NAV Bømlo, du finn oss i NAV-bygget tvers ovanfor Kulturhuset på Svortland.

Me har adresse; NAV Bømlo, postboks 83, 5445 Bremnes.

 

Betaling

Tenestene er gratis.

 

Kontakt

Du kan kontakte oss via oppmøte, brev, e-post eller telefon;

  • Joan telefon 948 50 718
  • Ann-Sirèn telefon 915 76 569
  • Silje Renate Bø Bjørvik 907 29 145

 

Du kan kontakte oss direkte eller via fastlege, pårørande eller andre.

Ved behov for oppfølging over lengre tid, kan me hjelpe deg å setje fram søknad om dette. Søknaden skal rettast til NAV-kontoret og vil bli vurdert etter lov om helse- og omsorgstenester og pasient- og brukarrettighetslova. Alle som får vedtak om hjelp frå rustenesta får dette skriftleg og tidsavgrensa.

 

 

 

 

Sist endra 02.12.2019 16:17
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering