PMTO - Foreldrerådgjeving
Foreldrerådgjevinga tek sikte på å hjelpe familien på eit så tidleg tidspunkt som mogeleg. Gjennom rådgjevingssamtalar og rettleiing kan foreldre få hjelp til å førebyggje byrjande åtferdsvanskar og bidra til ein positiv utvikling hjå barnet.
Begge foreldra bør delta om dei bur i lag. Eventuelle steforeldre som bur i lag med barnet kan alternativt delta.
Eksempel på tema i rådgjevingssamtalen er:
-
samarbeid og gode beskjedar
-
grensesetjing
-
problemløysing knytt opp mot daglege utfordringar i familien
-
tilsyn og oppfølging
-
læring av nye ferdigheter gjennom systematisk bruk av ros og oppmuntring.
Aktuell aldersgruppe:
Tilbod til familiar med barn i alderen 3-12 år som viser teikn til byrjande åtferdsvanskar.
Omfang:
Samtalar med ein foreldrerådgjevar ein gong pr. veke. 3-6 møter pr. familie.
PMTO - Behandling
Foreldra får hjelp får hjelp til å erstatte uhensiktsmessige strategiar med sentrale foreldreferdigheter som styrker den postive samhandlinga og relasjonen mellom foreldrene og barnet. Det benyttes samtaler om de ulike temaene kombinert med modellering, øvelser, refleksjoner og heimeoppgaver.
Omfang:
Vekentlege møter 15-30 med foreldre a 1 time. Barnet vert involvert i timen eller ved heimebesøk dersom det er trong for det.
PMTO - Konsultasjon lærar
Tilsette i skulen som arbeider direkte med barn som har åtferdsvanskar eller er i risiko for å utvikle åtferdsvanskar. Ofte vert tiltak sett i verk når ein eller fleire elevar i klassen har foreldrerådgjevning eller behandling, men er ikkje ein absolutt føresetnad.
Omfang:
Vekentlege møter med lærarar 6 - 8 gonger a 1,5 time.
PMTO - Foreldregrupper:
Sjå aktuelle tilbod (PDF, 141 kB)