Helsestasjon for ungdom

Elevar-i-foajeen-4 - Klikk for stort bilete

Ungdomstida er ei spennande tid med mange nye utfordringar - og like mange spørsmål ein ikkje har fått svar på.

På Helsestasjon for ungdom møter du helsepersonell som du kan snakka med om emne som opptek deg.

  • Tilbodet er gratis for ungdom opp til 25 år.
  • Inga timebestilling
  • Ope kvar onsdag mellom 16.00 og 18.00 ( NB! Stengt når skulane har fri)
  • Stad: I kjellaren på Legesenteret på Svortland (inngang rundt hjørnet)

Det vil alltid vera jordmor/helsesøster og lege tilstades, i tillegg til psykolog eller psykisk helsearbeidar.

HUSK: me har teieplikt!

 

Helsestasjonen er ein stad der ein kan snakka om ulike tema som:

  • Spørsmål om kroppen
  • Problem på skulen og heime
  • Er du trist eller einsam
  • Slanking og spiseforstyrring
  • Rus og rusmisbruk, røyk og snus.
  • Menstruasjon
  • Seksualitet generelt
  • Homofili
  • Parforhold
  • Graviditet
  • Vonde opplevingar, til dømes seksuelt misbruk, vald, dødsfall/sjukdom, samlivsbrot eller konfliktar i familien.

Kontakt oss dersom du treng:

  • Nokon å snakke med
  • Vanleg legeundersøkjing på grunn av sjukdom, plager - t.d. sår hals, utslett, smerter o.l.
  • Tilvising til andre instansar i helsevesenet
  • Prevensjonsrettleiing og prevensjon
  • Prøvar - om du har kjønnssjukdomar

 

Relatert informasjon på andre nettstader:

i tillegg til:

www.helsetilsynet.no - Uavhengig tilsynsmyndighet for helse- og sosialtenester
www.fylkesmannen.no - Tilsynsmyndighet for helsetenesta og helsepersonell
www.odin.no - Informasjon frå regjeringa og departementa
www.folkehelsa.no - Nasjonalt folkehelseinstitutt 

 

Lover

Kommunen pliktar å tilby helsestasjon- og skulehelseteneste til barn og unge under 20 år. Sjå forskrift om helsefremjande og førebyggjande arbeid i kommunen i helsestasjons- og skulehelsetenesta §§ 2-1 og 2-3.

Kommunehelsetjenesteloven § 1-3
Pasientrettighetsloven kap. 7

Forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten

 

Klage

  • Dersom du meiner du ikkje mottek nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage på dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket.
  • I klaga må du gi ein nærmare omtale av dei forholda det blir klaga over. Du bør opplyse om kva du ønskjer endra, og grunngi dette. Kommunen vil kunne gi deg rettleiing.
  • Klaga skal sendast til den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen står fast på avgjerda si, skal klaga sendast vidare til Helsetilsynet i fylket. 
  • Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve måten tenesta blir utførd på. Klaga skal først sendast til kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at ein har høve til å løyse saka på lågaste nivå.
Publisert av Aud Jorunn Mjånes. Sist endra 03.12.2015
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering