Oppretting av grunneigedom, tomtedeling

Oppretting av grunneigedom betyr å dela frå ein del av ein fast eigedom slik at denne delen får eige gards- og bruksnummer. Det kan også vera at du ynskjer å kjøpa eit tilleggsareal til tomta di. Når du skal oppretta ein grunneigedom eller ha tilleggsareal (arealoverføring), må du søkja om løyve til dette og be om oppmålingsforretning. I Bømlo kommune er det oppmålingseininga som syt for at eigedomar vert merka, målte og kartfesta.

Det er kommunane som har ansvar for kartlegging, oppretting og registrering av all grunneigedom. 
 
Slik søknad har som regel ei to-trinns-behandling:

 

Trinn 1:
Kommunen vurderer om det kan gjevast løyve til oppretting av ny grunneigedom eller tilleggsareal (arealoverføring).

I Bømlo kommune vert trinn 1 behandla ved eininga for delesak. Søknaden vert vurdert opp mot ei rekkje lover, planar og føresegner. Løyve til oppretting av grunneigedom vert berre gitt dersom søknaden kan godkjennast etter gjeldande lovverk. Dersom det vert gjeve løyve til opprettinga, går saka over til trinn 2

 

Trinn 2:
Kommunen utfører sjølve oppmålingsforretninga.

I Bømlo kommune vert trinn 2 behandla ved eininga for oppmåling. Etter at det er gjeve løyve til opprettinga av den nye grunneigedomen eller arealoverføringa gjennomfører kommunen oppmålingsforretning etter matrikkellova. Nye grunneigedomar får eige gards- og bruksnummer og vert registrert i matrikkelen. Deretter vert eigedomen tinglyst.

 

Opplysningar om korleis du søkjer om løyve til oppretting av ny grunneigedom eller arealoverføring (tilleggsareal) finn du her.

 

Opplysning om oppmålingsforretning finn du her.

Sist endra 17.04.2015
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
Aktuelle lover og regleverk (3)
 
Login for redigering