Viltforvaltning

hjort2.jpg - Klikk for stort bilete

Det overordna målet i viltlova er at viltet og viltet sitt leveområde skal forvaltast slik at naturen sin produktivitet og artsrikdom blir tatt vare på.

Bømlo kommune skal forvalta viltressursane innanfor dei til ei kvar tid gjeldande lover og forskrifter. Naturbruksutvalet er valt av kommunestyret for å ivareta kommunen sitt ansvar i høve til viltlova.


Det finst fleire jaktbare artar på Bømlo. Det er eit rikt fugleliv mellom skjer og holmar. Hare og orrfugl finst det og enkelte stadar.

Typiske arbeidsoppgåver innan viltforvaltning:

  • Årleg tildeling av fellingsløyve på hjort.
  • Ta hand om skadde dyr (fallvilt).
  • Få til tenlege hjortevald/bestandsplanområder
  • Få til eit godt samarbeid mellom grunneigarane om ei bærekraftig forvaltning av hjorteviltet.
  • Skadeførebyggjande arbeid
  • Forvaltning av kommunalt viltfond


For å gå på hjortejakt må jegerane ha avtala om godkjent ettersøkshund. Kontakt Bømlo ettersøksring for spørsmål.

 

Me ønskjer å komme med fagleg rettleiing innan lokal småvilt og hjorteviltforvaltning. For å få ei effektiv lokal viltforvaltning på Bømlo er samarbeidet med grunneigarar, jegerar og andre interesseorganisasjonar heilt avgjerande.


Skotpremie på mink
Bømlo kommune har skotpremie på mink. Dette er for å halde bestanden av mink nede for å hjelpe sjøfugl mot predasjon. Skotpremien er på 150 kroner pr mink.
Skotpremie kan hevast ved å vise fram alle 4 labbar frå kvar mink hjå landbruksavdelinga på rådhuset.

Sist endra 03.06.2015
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering