Biologisk mangfald

Eng stripe 1.jpg - Klikk for stort bilete

 

Biologisk mangfald er variasjonen i naturen på alle nivå, frå genar til artar og heile økosystem.

Grunnlaget for variasjon
Det er den varierte naturen på Bømlo som gjev grunnlag for den store variasjonen av artar. Me har det meste av naturtypar: Ytre kystområde med forblåste holmar og skjer, større lune skogar og eit variert og småskala kulturlandskap. Dette gjer opphav til eit stort mangfald av artar. I Bømlo hekker det mellom anna hubro og hønsehauk, og det finst eit høgt antall truga planter og sopp i kulturlandskapet.

Naturmangfaldlova har som føremål at ein skal forvalte all natur gjennom berekraftig bruk og vern. Alle sektorar som tek avgjerslar eller utøvar mynde som kan gi konseskvenser for naturen skal retta seg etter lova.
 

Kartlegging av biologisk mangfald
For at ein skal ta vare på mangfaldet er det naudsynt å kjenna til kva artar og artssamfunn ein har lokalt. Kartlegging er derfor avgjerande for å få ein oversikt over kva artar som har tilhald i kommunen og kva område som er særleg viktige for mangfaldet. Les meir om dette i lenkane i menyen til høgre.


 

Sist endra 08.12.2014
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
Aktuelle lover og regleverk (1)
 
Login for redigering