Jegerprøven

jeger.jpg - Klikk for stort bilete

 

Vil du jakte eller drive fangst, må du fyrst ta jegerprøven. Det er kommunen som er ansvarlig for gjennomføring av jegerprøveeksamen.

Prøven består av eit obligatorisk kurs og ein elektronisk eksamen. Det obligatoriske jegerprøvekurset går over 30 timar og er lagt opp med både teori og praksis. Jegerprøvekurset vert arrangert av Bømlo jakt og fiskelag. Etter at kurset er gjennomført, kan du ta ein elektronisk eksamen som vert arrangert av Bømlo kommune. 

 

Når du skal gå opp til eksamen, må du betale eit eksamensgebyr. Gebyret skal betalast på ein fastsett giro som ligg på nettsidene til miljødirektoratet.

For meir info sjå i menyen til høgre eller kontakt Bømlo kommune v/ landbruksavdelinga. 

Sist endra 26.01.2015
Fant du det du leitte etter?