Avfallshandtering

SIM er ansvarleg for innsamling og deponering av hushaldsavfall, næringsavfall og slam frå septiktankar i medlemskommunane, i tillegg til forvaltning og fakturering for vår kommune.

Avfall - Klikk for stort bilete Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) vart stifta i mai 1990 og er eigd av kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.
 

Spesialavfall er avfall som ikkje kan handterast saman med anna hushaldsavfall fordi det kan føre til alvorleg forureing eller skade på menneske og dyr.

 

 

Døme på spesialavfall frå hushald er:

  • Reingjeringsmiddel som inneheld farlege stoff
  • Oppladbare batteri (eiga returordning)
  • Maling, lim, lakk, løysemiddel og sprayboksar som inneheld farlege stoff
  • Materiale som inneheld asbest
  • Isolerglassruter som inneheld PCB (eiga returordninger)
  • Impregnert trevirke
  • Ulike elektroniske og elektriske produkt (eiga returordning) 
     

Spesialavfall skal leverast Miljøstasjonen i Hollundsdalen.

Tlf SIM: 53 45 78 50



Sjå elles lenker i menyen til høgre.

Sist endra 12.12.2014
Fant du det du leitte etter?